Kraftig hopp: Det er venta eit kraftig hopp i matvareprisane 1. februar. Ingenting tyder på at det kjem til å bli billigare med det første. (Illustrasjonsfoto)

Daglegvarebransjen reknar med nytt prishopp i februar

Frå 1. februar vil daglegvarebransjen auka prisane ytterlegare. Bransjen forventar auka prisstigning i overskodeleg framtid.

Før jul melde NRK at prisane kjem til å gå opp med 10 prosent, og det stadfestar fleire aktørar overfor Klassekampen. Ingenting tyder på nokon endring med det første.

– Veldig mykje tyder på at prisane vil vera høge i ganske lang tid framover, seier konserndirektør for kommunikasjon i Norgesgruppen, Stein Rømmerud, til avisa.

Artikkelen held fram under annonsen.

Norgesgruppen er den største daglegvareaktøren i landet.

Av konkurransemessige årsaker har ikkje kjedene lov å seia om, når eller kor mykje dei vil setja opp prisane, heller ikkje Rømmerud, men han seier at det er lite som tyder på at kostnadene ved matproduksjon vil minka framover.

Ein rapport frå Sifo som kom i haust, viser at éin av tolv husstandar oppgir å måtta stå over måltid, få hjelp frå Nav, eller få delt ut mat frå matstasjonar for å ha mat på bordet. Det er ei dobling på eit år. Samtidig viser tal frå Statistisk sentralbyrå at matvareprisane frå november 2021 til november 2022 auka med heile 12,7 prosent.

Daglegvarebransjen har to faste datoar der dei justerer prisane for å dekkja auka utgifter til leverandørane. Den eine er 1. februar og den andre 1. juli.

Viss utgiftene til leverandørane held fram med å auka, kan folk altså rekna med eit nytt prishopp til sommaren, skriv avisa.