Dåp av arbeidsbåtar hos Bolaks
Fredag var det fest med både eigarar, tilsette, inviterte gjester og musikklag då MS Egil blei tatt imot og døpt på Lammaneset.
Kl. 12.00 blei MS Egil følgd inn Eikelandsosen av ikkje mindre enn 18 av Bolaks sine små og store arbeidsbåtar.
MS Egil er levert av Risnes Marine Craft, og er av typen «Myre 15». Den er bygd med katamaranskrog i stål og er 14,99 meter lang, og 9 meter brei.
Artikkelen held fram under annonsen.
I sin tale til dåpsbarnet og Bolaks fortalde Ronald Hellesnes, dagleg leder i Risnes, at MS Egil er utstyrt med alt det siste av teknologi og utstyr.
- Arbeidsbåten blir eit godt tilskot og skal ha sin arbeidsplass i Bjørnafjorden saman med resten av flåten til Bolaks, kommenterer Bjørg M. Holmefjord Antonsen, dagleg leiar i Bolaks, i ei pressemelding.
Ho heldt opningstalen fredag, der ho mellom anna understreka kor viktig det er å ha tilgang på godt arbeidsutstyr.
- Bolaks har dei siste åra investert 100 millionar i flåten, som no opererer i Bjørnafjorden. Det er viktig å gjera investeringar som ivaretek våre tilsette, fiskehelsa og miljøet i sjøen, sa Holmefjord Antonsen.
Det var samstundes med dåp av MS Egil «voksendåp» for tre av dei andre store arbeidsbåtane til Bolaks.
Alle dei fire gudmødrene var frå familien Holmefjord, og dei ønskte hell og lykke over kvar sin båt.
Etter dåpen var det høve for alle å koma om bord og se båtane, før det blei servert varm mat og drikke.
jostein@osogfusa.no