I Borgafjell barnehage er det mykje ønska, men diverre også mykje uønska aktivitet. - Eg vil oppmoda dei skuldige til å ta kontakt. Vi har dei på film, og kjem til å gå til politiet om dei ikkje gir lyd frå seg, seier eigar Annelie Osterdahl. Her saman med tilsett i barnehagen, Christer Borg.

- De vil bli meldt til politiet

Hundeskit, øydelagt gjerde og køyring på leikeplassen er blitt eit stort problem i Borgafjell barnehage.

- Vi har skilt som seier at det ikkje er lov med hund på området. Likevel tek hundeeigarar seg til rette her. Vi har måtte fjerna mykje hundeskit frå leikeplassen, seier eigar av Borgafjell barnehage, Annelie Osterdahl.

- Dette er ein barnehage. Små barn leiker her, og dei puttar ting dei finn på bakken i munnen, seier Christer Borg, tilsett i barnehagen.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Vi har dei på film

Det henger skilt om kameraovervaking i fleire vindauge på barnehagen, og det er montert kamera på ulike stader i barnehagen.

Både kameraa og ein nabo har fanga opp annan ønska aktivitet på eigedommen.

- Det er nokon som trur at det er greit å køyra med motorsyklar eller mopedar på området. Vi stripa grindene for å unngå at dei skulle koma seg inn, men desse berre fjerna dei. Dei har også øydelagt gjerde for å koma seg inn på område, seier Osterdahl og legg til:

Eit gjerde skal ha blitt øydelagt av ungdomar som har teke seg til rette på barnehagens område, der dei mellom anna har køyrt med motorsyklar eller mopdar.
Eit gjerde skal ha blitt øydelagt av ungdomar som har teke seg til rette på barnehagens område, der dei mellom anna har køyrt med motorsyklar eller mopdar.
Det er installert kameraovervaking i barnehagen. Både desse kameraa og ein nabo har filma køyring på leikeplassen i barnehagen.
Det er installert kameraovervaking i barnehagen. Både desse kameraa og ein nabo har filma køyring på leikeplassen i barnehagen.

- Eg vil oppmoda dei skuldige til å ta kontakt. Vi har dei på film, og kjem til å gå til politiet om dei ikkje gir lyd frå seg. Dette er eit privat område, og dei har i tillegg gjort hærverk på eigedommen. Foreldre bør også snakka med ungdomane og fortelja at slik oppførsel ikkje er greitt, seier Osterdahl.

- Kommunen bør byggja leikeplassar

Det har tidlegare vore slik at born med føresette har kunna bruka leikeplassen fritt. No må diverre barnehagen slutta med tilbodet, grunna alle dei uønska hendingane den siste tida.

- Dei er keisamt at nokre øydelegg for andre, men slik må det bli. Vi har investert over to millionar kroner i uteområdet åleine, seier Osterdahl.

Ho vil samstundes koma med ei oppmoding til kommunen.

- Eg trur at folk flest trur at det er berre til å ta meg seg borna til barnehagen for å leika, men slik er det ikkje. Dei aller fleste barnehagane i Os er privateigd, og ikkje kommunale. Det å ta seg til rette i ein privat barnehage, er som å gå og leika i naboens hage. Det er ikkje lov utan tillating, seier ho og held fram:

Artikkelen held fram under annonsen.

- Men så skal det også seiast at det finst jo ingen leikeplassar som er offentlege i Os. Kommune bør absolutt byggja leikeplassar.