Dei frivillige inntok Øyro: – Dette skal bli ein tradisjon
Os & Fusapostens frivilligdag samla meir enn 40 lag og organisasjonar på Osøyro laurdag. – Utruleg kjekt at så mange stiller opp, seier marknadsleiar Karen Helland Velure.
Det var stor breidde i fritidstilboda som vart vist fram på historias første frivilligdag i regi av Os & Fusaposten. Her fann ein alt frå motocross og Amcar til korps, golf, brettspel og fotball.
– Målet med frivilligdagen er å visa fram kor mange ulike aktivitetar som finst i Bjørnafjorden kommune. I dag fekk vi vist fram ein god del av dette. Til neste år håper vi endå fleire slenger seg med, både for å hylla dei frivillige, men òg får å gje laga mogelegheit til å visa seg fram, seier Velure.
Artikkelen held fram under annonsen.
Ekstra spenningsmoment
– Det har vore hektisk. Mykje folk, seier Tommy Sævareid i Os orienteringsklubb.
På frivilligdagen arrangerte klubben kjegleorientering i sentrum. I tillegg var det mogleg å testa orienteringsevnene sine i ei kort orienteringsløype på 800 meter, og i ei litt meir krevjande ei, på 4,2 kilometer.
– I den lengste løypa får folk høve til å prøva seg mot våre beste løparar. Så langt er det fem som har prøvd seg, seier Sævareid.
Espen Rognsvåg har fullført løypa på 28,50 minutt. Sjølv om det sikkert er folk som spring fortare enn Rognsvåg i løypa, tvilar Sævareid på at dei klarer å slå han med kart.
– Det er det som er kjekt med orientering. Det er eit spenningsmoment ved sidan av løpinga. Sporten krev meir konsentrasjon. Tek du for hardt i, er det lett å gjera feil, seier Rognsvåg.
I tillegg til å visa fram kva idretten har å by på, sel Os orienteringsklubb turorienteringskonvoluttar. Vona er å selja tre gonger så mykje som i dag.
– Det er vårt bidrag til folkehelsa. I tillegg håpar vi at litt fleire skal verta interesserte i idretten. Det er ein fin måte å verta kjent med stader i Os som ein aldri har vore tidlegare, påpeikar Sævareid.
– Du vert heilt hekta
Steinar H. Olsen og Arnt Ove Lundervik frå Eikelandsfjorden idrettslag fortel at dei har hatt eit jamt tilsig av folk på standen sin heile dagen.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Det er litt kaldt, men mange talent. Målet er å lokka nokre spelarar over fjorden, seier duoen og smilar.
I andre enden av kyrkjeflaten held Bjørnefjorden golfklubb til. Golfklubben starta dagen med å klippa plenen litt, slik at ballane skal rulla litt betre.
– Det har vore ein fantastisk dag. Sjølv om vêret ikkje er det beste, har det vore mykje folk. Både ungdomar, born og vaksne synest det er kjekt å prøva sporten, seier Jacob Strandmark.
Og alle vert like hekta, ifølgje den røynde golfspelaren.
– Eg byrja å spela for 18 år sidan. Om natta drøymer eg om å spela golf, seier han.
Strandmark peikar på viktigheita av å visa fram kva ein har å tilby. I slutten av juni til dømes inviterer golfklubben til golfskule for born i alderen 6 til 12 år.
– Nokre tenkjer gjerne at det er så dyrt å spela golf. Men du treng ikkje kjøpa utstyr til over 20.000. Du har det like kjekt på banen om du legg deg på eit lågare nivå, seier han og legg til:
– Fotball og hesteriding er ikkje for alle. Os har mykje anna å by på også.
Artikkelen held fram under annonsen.
Vinnar av Os & Fusaopsten sin Tipp og Vinn-konkurranse, er Eva Sørbø. Ho tippa at det var 475 drops i krukka. Rett svar var 467. Sørbø stikk av med heile krukka med drops, samt eitt års gratis abonnement på Os & Fusaposten.