– Det er tungt å akseptera. Dette har jo vore livet mitt

Dei siste undersøkingane gav null håp for Frode (39)

Frode Veim Haugland har definitivt gått sin siste handbak-kamp.

Publisert Sist oppdatert

Frode Veim Haugland

Alder: 39

Bustad: Halhjem

Sivilstatus: Gift med Renate Flatland

Born: Luca (7) og Johanne (3)

Aktuell: Avtroppande handbakmeister

Jernmannen frå Søre Neset var blant verdas beste handbak-utøvarar i mange år. På norsk jord var han så god at han banka dei andre NM-vinnarane i alle vektklasser ein etter ein, etter at han hadde vunne tittelen i sin eigen, -85 kg. 

No må Frode leggja 'olbogane på hylla'. 39-åringen har gjort alt for å kunna halda fram med sporten, men faktum er at han har drive det alt for langt allereie.

– Dei siste to åra har eg knapt kunna trena, men eg har ikkje villa innsjå at det er over. Handbaken har vore ein så stor del av livet at eg ikkje har villa gje slepp, seier Frode.

No er meldinga frå legane eintydige.

– Kort oppsummert er olbogane mine heilt nedslitne. Legane meiner det er så vidt eg kan stå i jobb. Då er det vel ikkje så rart at dei frårår all type trening som omfattar bruk av armane, smiler Frode tappert.

Frå glansdagene då Frode og Os HK arrangerte NM i noverande Thon Senter Os. Frå venstre: Lisbeth Fagerheim, Ronny Risøen, Eivind Bøe Johannessen, Frode Veim Haugland, Tore Matre, Erlend Hjertholm og Arne Thuen.

30 NM-gull

Me møter han i familien sitt hus på Halhjem. Då Frode var på det mest energiske, bygde han huset, dreiv eige tørmrarfirma og trena døgnet rundt for å bli sterkast i verda.

– Det var gode tider, men eg dreiv rovdrift på kroppen. Det var ikkje mykje tanke på å unngå slitasje, ler han.

39-åringen starta med handbak i slutten av tenåra. Alt som 18-åring tok han sin første NM-tittel. Rimeleg kjapt starta han jakta på første bytet.

– Arne (Thuen, journ.mrk) var jo det store førebiletet, men også den eg drøymde om å slå. Eg trena steintøft for å koma opp på hans nivå. Me visste at Arne var best i landet, fortel han.

Os Handbakklubb var svært stor frå 2005 til 2015. Klubben vann det meste i Noreg og Frode vart etter kvart klubbens naturlege kaptein.

I løpet av desse åra tok Frode kring 30 NM-gull.

– Eg har vunne i alle vektklasser frå -75 kg til 110 kg.

Frode har reist mykje og vunne Arm Wars. Her frå ein konkurranse i Atalanta i USA.

Også internasjonalt har han vore heilt i toppen. Han har ein bronse frå EM og ein fjerdeplass frå VM. Elles er det i Arm Wars han har vore best.

– Arm Wars-sirkuset starta i 2005. Sjølv var eg med frå 2008. 

– Det blei nokre titlar?

– Ja, eg er vel regjerande verdsmeister i venstre arm den dag i dag. Det er ingen som har rokke å utfordra meg, ler han.

– Inni albogane mine er alt av vev og sener slitne til beinet, fortel Frode.

Slitne til beinet

Frode gjekk sin siste Arm Wars-konkurranse for halvtanna år sidan. Då var han allereie redusert. Skadane i olbogane byrja tilbake i 2014.

Men no er det definitivt slutt. To separate legar var ikkje i tvil. Både på Falck medisinske klinikk og på Haukeland Universitetssjukehus var dommen klar. Frode må slutta med handbak.

– Normalt har du eit pute-liknande vev mellom beina olbogane. Eg har ingenting igjen. Alt er slite bort, heilt inn til beinet, fortel Frode.

– No gnikkar beina mot kvarandre og den minste ting gjer det vondt.

No har han tatt alvoret innover seg.

– Eg har familie, jobb og andre viktige ting i livet. Eg måtte berre ta grep, følgja legane sine råd å ta farvel til handbaken ein gong for alle.

Også i jobbsamanheng blir det nye tider for Frode.

– Eg har framleis jobben i Nordsjøen, men eg kan ikkje driva med tømrartenester når eg er på land. Hammaren må også leggjast på hylla. Det blir utfordrande tider framover for ein rastlaus kar som meg.

Frode må gå med kne-krykke i minst eit halvt år for å unngå å tråkka ned på foten.

Ein skadeskoten mann

Men det er ikkje berre handbaken som har slite på Veim Hauglands kropp. Årevis med tørmrar-arbeid og små yrkesskadar har sett sine spor. Eitt av dei er over ti år gammalt.

– Eg tråkka på ein spiker og gjekk alt for lenge med såret utan å gjera noko. Den gongen resulterte det i sjukehusbesøk og medisinar. I dag slit eg med eit sår som aldri vil gro, sukkar han.

For eit par veker sidan var han igjen inne på Haukeland.

– Meldinga var klar. Eg skal å ikkje gå eller leggja vekt på foten på minst eit halvt år.

– For å sikra at det får gro?

– Ja, det er så tynt arrvev under foten og det får aldri fred. No har eg kjøpt meg ei kne-krykke, forklarer han.

– Er du i fysisk form til å kunna leika med borna?

– Me har to born, Luca på sju år og Johanne på tre. Eg er ein skadeskoten mann, men eg kan vera med på litt. Nett no har Luca og eg byrja å spela Minecraft i lag.

Sårt å gå på trening

Klubbkameratane har framleis faste treningsøkter på Mova i Os Næringspark kvar fredag. Frode glimrar med sitt fråvær.

– Du kan jo vera med som trenar og inspirator?

– Eg kan kanskje det på sikt, men nett no er det for sårt. Det er skikkeleg kjipt å ikkje kunna vera med aktivt. Då vel eg heller å la vera, seier han.

Tore Matre har vore god klubbkamerat av Frode i mange år. Han har ikkje heilt gjeve opp å få Frode med på trening igjen i ei eller anna rolle.

Klubbkamerat og avtroppande leiar i klubben, Tore Matre, seier dette om Frodes sorti.

– Me skal nok hanka han tilbake med tid og stunder, men no må han få litt fred og få alt litt på avstand. 

– Kva har han betydd for klubben?

– Frode har betydd enormt mykje! Han har vore ein inspirator for svært mange. Han har vore uredd og våga å kjempa mot dei aller beste i verda. Samstundes har den internasjonale erfaringa og kjennskapen hans til handbak-verda, vore viktig for klubben. Dette håpar me å få meir glede av på sikt. No må Frode få kvila armane litt, så håpar me å sjå han igjen, i ei eller anna rolle i klubben, seier Matre.

Frode kan i alle fall trøysta seg med god utsikt frå huset på Halhjem.

Sjølv er Frode litt usikker på korleis han skal kunna trimma utan å kunna bruka armane eller føtene i særleg grad.

– Eg sa til madammen at eg ville laga symjebasseng i hagen. Det hadde vore fin trening.

– Får du det ønsket gjennom?

– Eg er redd eg taper den kampen.

Powered by Labrador CMS