Det var stinn brakke då Sparebanken Norge delte ut vårens gåvemidlar til lokale lag og organisasjonar.

Delte ut nesten 2,5 millionar kroner til fellesskapet

55 prosjekt fekk gåvepengar, og ei uventa festivalgåve skapte ekstra jubel i salen.

Publisert Sist oppdatert

Det var stinn brakke då Sparebanken Norge delte ut vårens gåvemidlar til lokale lag og organisasjonar. Så mange fekk tildelt midlar at det, til stor latter frå salen, vart fremja forslag frå Os Fotball om å ta utdelinga i det store, nye klubbhuset deira neste år.

– I dag trur eg vi har sett rekord for talet på menneske fysisk til stades i banken. Etter mine utrekningar skal vi vera om lag 75 eldsjeler til stades. Det er ganske mange, seier banksjef Benjamin Norenes til dei frammøtte i banken sine lokale.

Banksjefen fortel at dei har teke imot rundt 150 søknader om gåvemidlar denne våren.

– I dag skal vi gjennom heile 55 prosjekt som har fått godkjent stønad frå oss, totalt om lag 2,5 millionar kroner. 

— I helga skal vi over fjorden til Fjord’n Senter og Eikelandsosen, og tar med oss om lag 1 million dit, la Norenes til torsdag.

Dei 2,5 millionane kronene vart fordelte i både store og små summar. Jadakameratene IL trong å erstatta ein stolen hjartestartar, Lysøens Venner fekk midlar til det allereie gjennomførte Lysøen Rundt, og fleire idrettslag trong mellom anna nye nett til måla sine. Full liste finn du i botnen av saka.

Inviterte til fest

Ein av dei siste som tok imot gåvesjekk, var Ivar Bøthun i Øyafest. Festivalsjefen vart så imponert over eldsjelene i rommet etter å ha høyrt kva alle ville bruka pengane til, at han brukte tida si til å gi endå meir tilbake.

Øyafest fekk 270 000 frå Sparebanken Norge.

– Først vil eg berre seia til Os frivilligsentral, at viss de ønskjer ein stad for sommarfesten dykkar, så er det berre å koma til oss, seier Bøthun like etter at han har teke imot midlane til Øyafest.

Under same utdeling i fjor gav Bøthun det same tilbodet til den ukrainske foreininga. No vil han takka frivilligsentralen for det gode arbeidet deira ved å tilby dei gratisbillettar til festivalen.

– Dei gjer ein kjempejobb for kommunen. Under tildelinga sa dei at dei ønskte å bruka pengane på ein fest. Viss det er noko vi kan, så er det jo å festa. Så Øyafest ønskjer å spandera dette på dei. Vi må jo by litt på oss sjølve, legg Bøthun til.

Powered by Labrador CMS