Ferske opplagstal:
Den positive utviklinga held fram for Os & Fusaposten
– Tusen takk til alle som les oss og abonnerer på Os & Fusaposten.
Lokalavisene står sterkt blant folk i heile Norge. Det viser ferske opplagstal som Landslaget for lokalaviser (LLA) og Mediebedriftenes Landsforening (MBL) la fram tysdag.
Det er særleg den digitale veksten som held fram mellom lokalavisene. Den samla digitale veksten er på over 12 prosent blant LLAs 130 medlemsaviser – frå 1. halvår i fjor til same tid i år. Den totale opplagsveksten er på over to prosent.
For Os & Fusaposten sin del, viser tala for første halvår 2026 ein auke på 446 samanlikna med same periode i fjor.
Det offisielle opplagstalet for Os & Fusaposten i første halvår 2026 var dermed 6.573.
– Tusen takk til alle som les oss og abonnerer på Os & Fusaposten. Dette motiverer til å laga endå betre saker som de lesarar er opptekne av og som angår dykk i kvardagen. Me tek svært gjerne imot tips til kva de vil ha meir av i spaltene, seier redaktør Jostein Halland, som er svært imponert over staben i avisa som legg ned ein stor innsats kvar dag og syt for at Os & Fusaposten tek stadig nye steg.
Generalsekretær Tomas Bruvik i Landslaget for lokalaviser gler seg over at lokalavisene står så sterkt blant folk i heile landet:
– Lokalavisene byr på truverdig, redaktørstyrt og lokal journalistikk som engasjerer folk. Dei nye opplagstala viser at folk set stor pris på jobben som lokalavisene gjer, seier Bruvik.
I anledning LLAs jubileum, er 2026 «Lokalavisåret». Det blir også markert på eit arrangement på Eidsvoll i oktober, der ytringsfridom blei grunnlovsfesta i mai 1814.
– I lys av den urolege verda vi lever i, med til dels hatefull debatt i sosiale medier, er det all grunn til å slå ring rundt ytringsfridomen og lokalavisenes bidrag til ein sunn debatt og lokalt engasjement. Lokalavisene bidrar til eit betre lokaldemokrati, seier generalsekretæren i Landslaget for lokalaviser.