Påkøyrd: Ein hjort skal ha blitt påkørd natt til i dag, torsdag. Bilføraren stakk frå staden. Illustrasjonsfoto.

— Den stakkars hjorten var så skadd at viltnemnda måtte ta livet av han

Nokon skal ha køyrd på ein hjort ved Er-An natt til torsdag.

— Det er ikkje greitt å køyra på vilt og så stikka frå staden. Det må du gjerne skriva med tjukke bokstavar, seier politioverbetjent Anne Lyssand.

Om ein køyrer på vilt, har ein plikt å varsla om det. Elles er forholdet straffbart.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Her er det nokon som ikkje har gjort jobben sin. Det er fælt at dyr ligg og lir på den måten. Viltnemnda blei tilkalla og dei måtte ta livet av hjorten på grunn av skadane. Vi fekk melding om hjorten klokka 05.47, fortel Lyssand.