Denne gjengen gjorde seg ekstra populær måndag
Stilte med team på ti personar for at folk skulle få kosa seg på skøyter i mørket.
Den svært vellukka skøytekvelden på Banktjørna måndag, har gjort at det har kome mange førespurnader til Røde Kors hjelpekorps denne veka.
— Folk lurer på om vi skal arrangera fleire kveldar. Svara dei får er nok litt skuffande. Det er førebels ikkje sett opp ein ny dato. Vi kjem til å annonsera det på sidene våre i sosiale medium om vi finn på noko liknande den neste tida, fortalde leiar i Os Røde Kors hjelpekorps, Lena Bekken, onsdag.
Artikkelen held fram under annonsen.
Folk stod og venta
Måndag kveld kom Røde Kors til Banktjørna med lyssøyle og aggregat, slik at skøyteglade bjørnafjordingar kunne samlast på det islagde vatnet i nokre timar på kveldstid.
— Det er vanskeleg å seia nøyaktig kor mange som var på plass, men kanskje 200 personar, fortel Bekken.
Då hjelpekorpset kom til Banktjørna, var det alt fleire som stod klare og venta.
— Vi var der kring halv sju. Det var litt som på ein promenade, der folk stod og venta på oss, seier Bekken og smiler.
Blåmerke etter knall og fall
Det krevst frivillig innsats for å laga eit slikt arrangement. Dei frivillige i hjelpekorpset stilte med ti personar og hadde med seg alt av utstyr naudsynt for ei trygg og fin gjennomføring.
— Det var ordentleg kjekt å sjå at så mange ville stå på skøyter. Det var ekstra kjekt å sjå så mange born og unge. Tanken var jo at vi skulle gjera det tryggare å vera ute og stå på skøyter i mørket, og at ein ikkje trong hovudlykt. At folk kunne slappa meir av. Det var kjempekjekt, seier Bekken.
— Fekk de behov for noko av utstyret de hadde med dykk?
— Heldigvis ikkje. Vi hadde med oss mykje, alt frå redningsvestar og kasteline til båre. Det var gjerne nokre som vakna med vonde blåmerke dagen etterpå, men det er berre ei lita påminning om at ein gjerne gjekk litt for hardt ut, seier Bekken og ler.