Rev: N/A

Denne reven tiggar mat på ferjekaia, men veterinær åtvarar mot å mata ville dyr

Ein tam rev blir stadig mata av ventande passasjerar på ferjekaien på Venjaneset. Veterinær Ernst Ove Indrebø er skeptisk.

— Eg såg han i fjor også. Då var han ein liten kvalp som gjekk åleine og sikkert hadde mista mor si, fortel nabo Rita Stokkeland.

Reven har openbert greidd seg gjennom vinteren utan mor, for Rita fortel at han no er tilbake igjen. Tammare enn nokon gong.

Artikkelen held fram under annonsen.

Turistar og ferjepassasjerar ser ut til å lika den raudhåra sjarmøren. I alle fall stikk dei til han rikeleg med mat og drikke.

Det bekymrar Stokkeland.

— Eg er ikkje sikker på om det er så lurt å mata han med alt mogeleg.

Bør unngå mating

Ifølgje veterinær Ernst Ove Indrebø er mating av ville dyr i utgangspunktet ein uting.

— Dersom han har gjort seg avhengig av folk så er det ikkje gale å mata. Men i utgangspunktet skal vi vera forsiktige. Ofte når vi trur vi hjelper dyr ved å mata dei, så gjer vi dei eigentleg avhengige av oss. Men vi ynsker ikkje tamme villdyr, seier han.

Om ikkje reven greier å bli ein del av revefaunaen, så har han ikkje noko framtid utan hjelp frå menneske.

— Det er skilnad på å hjelpa eit dyr som er skadd slik at han kan koma tilbake til naturen og å gjera eit dyr avhengig av di hjelp åleine.

Unngå klapping

— Kva om ein får lyst til å klappa den tamme reven eller ta ein selfie med han?

Artikkelen held fram under annonsen.

— Nei, du skal absolutt ikkje klappa han. Du må halda avstand. Sjølv om Norge er rabiesfritt, er det tryggaste å unngå nærkontakt.

Medan enkelte kommunar har skotpremie på raudrev, finst det ikkje noko slikt i Bjørnafjorden.