Rådmann Christian Fotland (biletet), ordførar og omsorgssjef er invitert til Oslo for å fortelja om eldreomsorga i Os.
Rådmann Christian Fotland (biletet), ordførar og omsorgssjef er invitert til Oslo for å fortelja om eldreomsorga i Os.

Departementet vil ha innspel frå Os

Os kommunes nytenking og utvikling av eldreomsorga har nådd departementet.

Helse- og omsorgsdepartementet jobbar no med stortingsmeldinga Leve Hele Livet. I den samanheng har dei vore rundt i landet og halde dialogmøte knytt til meldingas hovudtema; Mat og ernæring, aktivitet og fellesskap, helsehjelp og implementering av tiltak.

I arbeidet med meldinga inviterer no departementet rådmannen, ordførar og omsorgssjefen i Os til ei orientering om eldreomsorga i kommunen med særleg vekt på utviklinga, organiseringa og gjennomføringa av trivselsreiser for eldre.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Departementet er kjend med at Os var tidleg ute med nytenking og utvikling av eldreomsorga. Os er ein av seks forsøkskommunar med statleg finansiering av eldreomsorga. I tillegg var kommunen tidleg ute med å etablera ordninga med trivselsreiser for eldre til varmare strøk, heiter det i invitasjonen frå departementet.

jostein@osogfusa.no