Vått og varmt: Tal frå Meteorologisk institutt viser at det var både varmare og våtare enn normalt i Noreg i desember 2019.

– Desember 2019 er blant dei ti våtaste desembermånadene vi har registrert

Tal frå Meteorologisk institutt viser dessutan at temperaturen var 3,4 grader over normalen på landsbasis i desember.

Det gjer fjorårets desember til ein av dei 20 varmaste desembermånadene i ein serie som går tilbake til 1900, skriv Meteorologisk institutt.

– Relativt varmast var det i dei indre strøka av Finnmark og Austlandet med 5–6 grader over normalen. Nokre få stasjonar på Vestlandet, Austlandet, og i Nord-Norge hadde månadstemperaturar frå 1 til 2 grader over normalen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dei varmaste stasjonane var:

• Ytterøyane fyr (Flora, Sogn og Fjordane) 6,5 grader (2,8 grader over normalen)

• Røvær (Haugesund, Rogaland) 6,4 grader (ingen normal enno)

• Kvitsøy – Nordbø (Rogaland) og Utsira fyr (Rogaland) 6,3 grader (høvesvis 2,3 grader og 2,4 grader over normalen)

• Slåtterøy fyr (Bømlo, Hordaland) og Fedje (Hordaland) 6,2 grader (høvesvis 2,4 grader og 2,6 grader over normalen)

Dei kaldaste stasjonane var:

• Karasjok – Markannjarga (Finnmark) - 9,2 grader (6,1 grader over normalen)

• Kautokeino (Finnmark) - 9,0 grader (5,4 grader over normalen)

Artikkelen held fram under annonsen.

• Suolovuopmi – Lulit (Kautokeino, Finnmark), Cuovddatmohkki (Karasjok, Finnmark) og Sihccajavri (Kautokeino, Finnmark) - 8,5 grader (høvesvis 5,1 grader, 5,5 grader og 5,6 grader over normalen)

Høgaste maksimumstemperatur, 14,3 grader, vart registrert 21. desember på Valldal – Muri (Møre og Romsdal), og i Tafjord (Norddal, Møre og Romsdal) og Sunndalsøra (Møre og Romsdal) 29. desember. Snittet for høgaste maksimumstemperatur i desember dei siste 30 åra er 14,6 grader. Lågaste minimumstemperatur var - 34,7 grader, og blei målt i Karasjok – Markannjarga (Finnmark) 9. desember. Snittet for lågaste minimumstemperatur i desember dei siste 30 åra er - 35,1 grader.

Blant dei ti våtaste desembermånadene

Månadsnedbøren var 140 prosent av normalen, og månaden var blant dei 10 våtaste desembermånadene i serien som går attende til 1900. Fleire stasjonar i Finnmark fekk frå 250 til 350 prosent av den normale nedbøren. Enkelte stasjonar i Trøndelag, Møre og Romsdal og nord på Austlandet fekk 50–75 prosent av normalen.

Dei våtaste stasjonane var:

• Gullfjellet (Bergen, Hordaland) 655,8 mm (ingen normal enno)

• Takle (Gulen, Sogn og Fjordane) 562,2 mm (152 prosent av normalen)

• Øvstedal (Voss, Hordaland) 538,7 mm (162 prosent av normalen)

Dei tørraste stasjonane var:

Artikkelen held fram under annonsen.

• Gausdal – Follebu (Oppland) 9,8 mm (22 prosent av normalen)

• Otta – Skansen (Sel, Oppland) 11,3 mm (ingen normal enno)

• Folldal – Fredheim (Hedmark) 14,7 mm (82 prosent av normalen)

• Høgaste døgnnedbør var 155,2 mm, og vart målt på Samnanger II (Hordaland) 30. desember.

Svalbard varmare enn normalen i 109 månader på rad

Svalbard lufthamn har ikkje hatt ein einaste månadstemperatur under normalen sidan november 2010, det vil seia 109 månader på rad. Middeltemperaturen på Svalbard lufthamn var - 10,8 grader, som er 2,6 grader over normalen. På Hopen var månadstemperaturen - 7,0 grader, som er 5,2 grader over normalen. Bjørnøya enda 3,7 grader over normalen, med ein middeltemperatur på - 3,4 grader.