Brannvesenet har gjentekne gonger åtvara folk mot å ferdast på isen på dei ulike vatna i Os. Det stoppa ikkje ein person med ein ATV på Søfteland i dag.
Brannvesenet har gjentekne gonger åtvara folk mot å ferdast på isen på dei ulike vatna i Os. Det stoppa ikkje ein person med ein ATV på Søfteland i dag.

– Det er beklageleg at folk tek slike sjansar

Brannvesenet meiner at ulukka der ein ATV gjekk delvis gjennom isen på Gåssandvatnet i dag kunne, og burde ha vore unngått.

Den siste tida har brannvesenet gjentekne gonger uttala at isen på mange vatn i Oser utrygg og avdårleg kvalitet. Det er berredelar av Gåsakilen på Søfteland som har fått Trygg is-skiltet. I ettermiddag var det ein person som køyrde ein ATV att og fram over Gåssandvatnet, og til slutt gjekkkøyretøyet delvis gjennom isen. Politiet og brannvesenet rykte ut.

– Vedkomande forklarte at han køyrde ved, og har gjort det i heile dag, før han i ettermiddag gjekk gjennom isen med bakhjula. Det er beklageleg at folk tek slike sjansar. For at vi skal kunna godkjenna isen, må det vera 15 centimeter tjukk is på 90 prosent av vatnet. Då held det ikkje å hogga eitt hol i isen og måla når ein skal køyra med ATV, seier Smaadal og legg til:

Artikkelen held fram under annonsen.

– Sjølv om vi har godkjent isen, og merka så godt vi kan, er all ferdsel på is på eige ansvar.

Porøs is

Brannvesenet rykte ut med to dykkarar, ein dykkeleiar og ein mann til då meldinga om ATV-ulukka kom inn. Vedkomande hadde sjølv festa eine enden av eit tau til køyretøyet, som var delvis gjennom isen 30–40 meter frå land. Den andre enden blei festa på land.

– Vedkomande prøvde å dra køyretøyet opp ved hjelp av ein vinsj. Då vi kom byta vi ut delar av tauet til eit betre tau, og fekk drege opp køyretøyet ved hjelp av vinsjen og nokre stokkar, seier Smaadal.

Gåssandvatnet er ikkje eit av vatna brannvesenet plar måla is-tjukkleiken på, men då brannvesenet var der i dag, kunne dei sjå at det isen var av same kvalitet som på fleire av dei andre vatna i Os.

– Dei øvste fem centimeterane var veldig porøs og ikkje fryst saman med isen under. Laget under var ikkje meir enn seks centimeter. Det som skjedde her, var at den øvste delen knekte, før også den nedste delen gav etter. Det er ikkje is av god kvalitet, seier Smaadal.