Glatt veg, og ein bil som stod fast i bakken, skal ha vore årsaka til at det oppstod kø på Halhjemsvegen.

Glatt frå Halhjem til Osøyro: — Bilen stod midt i vegen

Tipsar fortel at ein bil stod fast midt i vegen på Halhjemsvegen.

Det oppstod kø då ein bil hadde problem på glatta på Halhjemsvegen onsdag ettermiddag.

Trafikkoperatør ved vegtrafikksentralen, Tor Evensen, opplyser at det framleis er “raudt i kartet”, noko som tyder på at det er trafikale utfordringar på staden framleis, men at bilen som skapte utfordringar, skal ha kome seg av garde.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Eg er ikkje kjend med at det har skjedd noko i ettertid, seier trafikkoperatør Evensen, og legg til:

— Det er gitt beskjed til entreprenør om at det er behov for å strø i området.

Eit vitne som stod i kø, fortel at det var glatt heile vegen frå Halhjem til Os.