– Det er heilt sprøtt at dei ikkje har fått opp eit overgangsfelt her
Jostein Bøe har meldt frå til politi og fylke om trafikktilhøva ved Rema 1000-butikken i Åsen.
– Eg synest det er heilt sprøtt. Her har dei bygd ein flott veg, men kjempefin sykkel- og gangsti for at folk skal droppa bilen, og så har dei ikkje tenkt på at dei som går opp og ned denne bakken, må kunna kryssa vegen trygt når dei skal på butikken, sukkar Jostein Bøe.
Like før
Bøe har sjølv sett fleire skumle episodar i mangelen på eit trygt krysningspunkt.
– I dag såg eg og kona ein kar med barnevogn som skulle kryssa vegen over til butikken. Han stod sikkert i eitt minutt og venta, usikker på når han skulle våga å kryssa i frykt for at bilar skulle koma i stor fart over toppen, fortel Bøe.
Han meiner fartsgrensa på vegen gjer at faren for påkøyrsle er ekstra stor.
– Fartsgrensa er 60 km/t. Då er det rart at det ikkje er tenkt på eit trygt krysningspunkt, meiner Bøe og held fram:
– Dottera vår såg nyleg ein ung gut som kryssa vegen på sparkehjul. Han vart nesten påkøyrd. Bilføraren måtte stå på bremsene.
Bøe minner om at det er mykje tungtrafikk i krysset ved avkøyringa til PostNord-terminalen, noko som gjer området endå meir uoversiktleg.
Må vera i forkant
Bøe har lese Os & Fusaposten sine saker om det etterlengta overgangsfeltet i Hegglandsdalsvegen. Han skjønar ikkje alltid fylket sin argumentasjon.
– Dei har uttalt at overgangsfelt kan vera skumle og gje falsk tryggleik. Det kan eg ikkje skjøna. Eg vert tvert imot veldig skjerpa og forsiktig når eg ser eit overgangsskilt, seier Bøe.
No har han meldt frå både til Vest politidistrikt og Vestland fylke om saka.
– For oss som bur i Lysefjorden handlar det om å vera i forkant. Me vil få på plass trafikktryggleikstiltak ved butikken før det skjer ei ulukke, slår Bøe fast.
For få gåande
Byggjeleiar for Åsen-Helleskraret, Richard Gangstøe, kan dessverre ikkje lova overgangsfelt, korkje ved Rema 1000 Lysekloster eller andre stader på den nye vegen.
– Me har to kriterium me går etter når det kjem til behovsprøving av overgangsfelt. Det eine er tal på folk som kryssar. Det andre er om bilistane held for høg fart på strekket. I tilfellet Åsen-Helleskaret er ingen av kritera oppfylte per no, seier Gangstøe og held fram:
– Det er dessverre ganske høge krav. Me tel kor mange som går i området i løpet av ein time, og tala frå Åsen viste at det var svært.
Sjølv om krava til overgangsfelt ikkje er oppfylte, skal det koma såkalla tilpassa krysningsfekt.
– Dette gjeld heilt frå Nesjaryggen-krysset opp til Åsen. Til saman skal me laga sju-åtte tilpassa krysningsfelt med nedsenka fortauskant på kvar side av vegen, fortel Gangstøe.
Han oppfordrar uansett folk som er bekymra, til å vera 'på' i saka.
– Det kan bli aktuelt med nye teljingar eller vurderingar av fartsgrensa i området på eit seinare tidspunkt, seier Gangtøe.