– Det er sjølvsagt oppretta sak

Stor fartsvilje: Kom over ein bil 'med stor fartsvilje i Lyshorntunnelen'.

Politiet om råkøyringa torsdag.

Kl 15.20 torsdag ettermiddag kom ein UP-patrulje over ein bil 'med stor fartsvilje i Lyshorntunnelen', skriv politiet i oppdateringa frå siste døgeret.

– Føraren, ei dame i 50-åra, blei målt til 181 km/t i 100-sonen. Det blei sjølvsagt oppretta sak, og førarkortet blei beslaglagt, opplyser politiet fredag.