Ekstremvêret Jakob: Det er venta store mengder nedbør utover dagen.

Ekstremvêret «Jakob»: — Du bør vurdera om det er nødvendig å reisa

Ekstremvêret «Jakob» kan setja ein støkk i bjørnafjordingane si Halloween-feiring.

Torsdag morgon herjar ekstremvêret «Jakob» på Vestlandet. Det er venta store mengder nedbør gjennom dagen.

Det er sendt ut raudt farevarsel for regn, flaum og skredfare i kommunen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Vi følgjer ekstremvêret: Veg stengd etter nytt ras i Hålandsdalen
Les også
To ras på få timar: – Det skal liggja stein i vegen
Les også
— Det tok ein halv time, så var leilegheita blitt eit svømmebasseng

Er venta mykje nedbør

— Ekstremvêret er i gang. Det vil halda fram med regn gjennom dagen, opplyser vakthavande meteorolog, Haldis Berge, ved Meteorologisk Institutt.

Det er venta mykje nedbør gjennom ettermiddagen og Halloween-kvelden. Berge opplyser om at det vil kome mellom 100 til 180 mm nedbør vidare utover dagen.

Meteorologen oppfordrar bjørnafjordingane til å ta omsyn til vêret, og halda seg oppdatert på vegmeldingar.

— Du bør vurdera om det er nødvendig å reise. Det er venta å verta vanskelege køyreforhold, med fare for stengde vegar. I Bjørnafjorden er det sendt ut farevarsel om flaum og jordskred, opplyser Berge og legg til:

— Nedbørsmengda er venta å halda seg jamn. Regnet har likevel konsekvensar. Jo lengre det regnar, jo meir konsekvensar kan ein få av oppsamling av vatn over tid.

Meteorologen rår folk til å la bilen stå, og halda seg oppdatert gjennom dagen.