Testkø: Arkivfoto frå teststasjonen i Kolskogen.

— Det er teikn til at smittetala er på veg nedover

Det melder kommunen på heimesida si.

Det er rapportert om 461 positive PCR-prøvar siste veke. I tillegg er det 1.185 personar som berre er registrerte med sjølvtest, og éin person som er uavklart. Totalt blir det 1.647 tilfelle i veke 8, opplyser kommunen.

Ettersending av prøvesvar frå laboratoriet på Haukeland, viser at kommunen hadde totalt 1665 positive koronaprøvar i veke 7.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vidare skriv kommunen at det er teikn til at smittetala er på veg nedover. Men at det er høge mørketal, då vaksne utan symptom og barn med symptom ikkje treng å testa seg.

Dei smitta kommunen har registrert, er:

Barn 0—11 år: 21 %

Barn og unge 12—17 år: 19 %

Vaksne 18—44 år: 43 %

45—64 år: 22 %

Over 65 år: 5 %

Det blei tatt 986 PCR-prøvar på teststasjonane.