Forsvarleg gjenopning: Frå måndag tek barnehagar over heile landet i mot barnehageborn igjen. I ettermiddag presenterte regjeringa ein rettleiar som skal bidra til at opninga skjer på ein forsvarleg måte.

Kunnskapsministeren: – Det er trygt å senda borna i barnehagen

– Målet er at alle born skal koma attende i barnehagar og skular før sommaren. Samstundes tilseier smittesituasjonen at vi må ha ei forsiktig og gradvis gjenopning.

Det sa kunnskapsminister Guri Melby (V) på ein pressekonferanse i ettermiddag.

Måndag vert barnehagar over heile landet opna att etter å ha vore stengde sidan midten av mars. Ei veke seinare er det barneskulane, 1. til 4. trinn, sin tur.

Artikkelen held fram under annonsen.

For å bidra til at barnehageopninga skjer på ein forsvarleg måte, har Folkehelseinstituttet og Utdanningsdirektoratet utarbeida ein rettleiar på oppdrag frå Kunnskapsdepartementet og Helse- og omsorgsdepartementet. Rettleiaren vart presentert på ettermiddagens pressekonferanse.

Rettleiaren er ifølgje kunnskapsministeren basert på ei rekke kjelder med god kompetanse på barn og smitte. Vidare understreka Melby at opninga av barnehagane er baserte på faglege råd og tal om koronasmitte blant barn i mellom anna Sverige.

– Tala syner at det ikkje har vore nokon utbrot i skular og barnehagar, seier Melby.

Også ei undersøking frå Island syner at skulebarn ikkje har påvisbar smitte.

Opnar om fem dagar: Kunnskapsminister Guri Melby (V) informerte om korleis opninga av barnehagane skal føregå frå måndag 20. april på ein pressekonferanse i ettermiddag.

Tilrår faste smågrupper

Ifølgje rettleiaren bør barnehagane innføra faste smågrupper og halde borna frå kvarandre for å unngå smitte.

Det vert føreslått tre born per vaksen for småborn (under 3 år) og seks born per vaksen for dei eldre barnehageborna.

Innan gruppa kan borna omgåast som normalt, men gruppene bør ikkje blanda seg med kvarandre. Samansettinga av gruppa kan endrast ved behov, men ikkje oftare enn kvar veke. Endring skal skje etter ei helg, slik at det er minst to dagar utan kontakt mellom born og tilsette.

– På den måten blir det færrast mogleg nærkontaktar ved påvist sjukdom hos eit barn eller ein tilsett. Det er ein fordel at borna ikkje omgåst mange andre born på fritida, går det fram av rettleiaren.

Artikkelen held fram under annonsen.

Løysingar som passar lokalt

Vidare inneheld rettleiaren ei spesifikk liste som tek føre seg alt frå tettleik i grupper og handhygiene til henting og levering, og matservering.

Kunnskapsministeren understreka likevel at rettleiaren skal gi fleksibilitet for å finna løysingar i den enkelte barnehagen.

– Det er grenser for kor detaljert ein kan gå ut i ein slik rettleier, sa Melby då ho la fram tiltaka onsdag.

Rettleiaren inkluderer mellom anna desse tilrådingane:

* Ta i bruk større lokale der det er mogleg. Leikeplass kan delast i soner.

* Sørg for at alle barn har eigen sitteplass ved mat eller aktivitetar der dei sit, med avstand mellom barn.

* Unngå trengsel på veg inn og ut av barnehagen og på toalett.

* Auka bruk av utetid. Avgrens talet på barn som er ute samtidig.

Artikkelen held fram under annonsen.

* Planlegg levering og henting for å unngå trengsel i garderoben.

* Foreldra skal ikkje bli med inn i barnehagen viss det ikkje er nødvendig. Det blir påpeika at behovet til barnet for tryggleik må vega tyngst.

* Barna kan møta i utetøy for å kunna starta dagen ute der dette er mogleg.

* Bruk av offentleg transport til og frå barnehage blir avgrensa der det er mogleg.

* Avgrens deling av mat og gjenstandar.

* Barna skal ikkje dela mat og drikke.

* Mat skal serverast porsjonsvis.

* Bord og stolar bør vaskast etter kvar gruppe.

Artikkelen held fram under annonsen.

* Avgrens deling av materiell (til dømes teiknesaker, saks, viskelêr, blyantspissar, nettbrett og liknande).

* Leiker skal ikkje delast mellom grupper før leikene er reingjorde.

* Leiker skal ikkje takast med heimanfrå. Kosedyr eller liknande må haldast avgrensa til det enkelte barnet, til dømes ved soving.