Einar Ekerhovd er ikkje særleg begeistra for vedtaket som vart gjort på Kyrkjemøtet i Trondheim måndag. Soknepresten i Fusa er held fast ved å reservera seg mot å via likekjønna.
Einar Ekerhovd er ikkje særleg begeistra for vedtaket som vart gjort på Kyrkjemøtet i Trondheim måndag. Soknepresten i Fusa er held fast ved å reservera seg mot å via likekjønna.

- Det finst ikkje bibelsk fundament for å via likekjønna

Måndag føremiddag vedtok kyrkjemøtet i Trondheim ny vigselsliturgi. Sokneprest i Fusa, Einar Ekerhovd, er ikkje begeistra.

Frå og med 1. februar kan likekjønna gifte seg i norske kyrkjar. Det var bestemt då Kyrkjemøtet i Trondheim måndag føremiddag vedtok ein ny vigselsliturgi for likekjønna par med 83 mot 29 stemmer.

Då Os og Fusaposten tok opp temaet i fjor vår var soknepresten i Fusa krystallklar i saka. Om kyrkja laga ny vigselsliturgi for å via likekjønna, så ville han reservera seg. At liturgien no er vedteke får ikkje Ekerhovd til å endra syn i saka.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ikkje overraska

Då Os og Fusaposten fekk Ekerhovd på telefon måndag ettermiddag var han nett landa i København på veg heim frå eit seminar i San Fransisco.

- Du var kritisk til ein ny liturgi for å via likekjønna og er truleg ikkje så begeistra over vedtaket i Trondheim i dag?

- Nei, begeistra er eg ikkje, men eg er heller ikkje særleg overraska. Me såg kor det bar, seier han.

- Så avgjerda i Trondheim får ikkje noko å seia for ditt syn på saka?

- Nei eg står for det eg har sagt tidlegare, men dette får jo konsekvens i den forstand at det vert ein ny lære i kyrkja. Her har dei altså laga ein ekteskapsliturgi der ein ikkje kan bruka tekster frå bibelen. Det er ganske spesielt.

- Så du meiner ein distanserer seg frå bibelen med denne liturgien?

- Ja, det finst ikkje bibelsk fundament for å via likekjønna.

Toler ein storm

Det vart mange sterke reaksjonar då Ekerhovd uttala seg i saka i fjor. Sjølv meiner han det meste av reaksjonane var heilt greie.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Eg var førebudd på reaksjonane, og dei fleste uttala seg på skikkeleg vis og heldt seg til sak. Det som er mindre hyggjeleg er når folk ikkje skil sak og person. Eg har ingen problem med at andre er usamde med meg. Eg respekterer det. Då ventar eg at dei respekterer mi rett til å meina noko anna, seier Ekerhovd.

Han har stått i mange stormar.

- Eg toler ein storm. Det viktigaste er at me kan gå vidare og vera vener etterpå, seier han.

Vikar-utfordring

- Slik me har forstått det vil du altså i framtida reservera deg mot å via likekjønna. Trur du dette blir ein utfordring for kyrkja.

- Nei, eg trur ikkje det blir noko kjempetrøkk med likekjønna som no vil gifta seg i Fusa, men om det kjem nokon som vil det, så får det bli opp til prosten og biskopen i kyrkjeprostiet å finna vikar.

- Har du inntrykk av at det er mange prestekollegaer som er av same oppfatting som deg.

- Ja, eindel. I Hardanger og Voss prosti, der eg som prest i Fusa sorterer, er fleirtalet av kollegaane mine av same oppfatting.

- Korleis er det med kyrkjetjenarar og organistar, kan dei også reservera seg?

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det går eg ut frå. Eg veit ikkje, men det kan jo bli nokre utfordringar med å skaffa vikarar rundt om kring dersom det er tilfellet.

Då lokalavisa sist skreiv om denne sak i fjor sa sokneprest i Os kyrkjelyd, Margrethe Holmboe Askeland, at ho ville venta med å uttala seg til å ho hadde lest den nye vigselsliturgien. Os og Fusaposten lukkast ikkje å koma i kontakt med Askeland måndag.