Branntilløp: Det blei måndag ettermiddag meld om branntilløp i Lysefjorden.

Brannstifting: Forsøkt tent på

Brannvesenet og politiet rykte ut måndag ettermiddag.

Politiet opplyser i ein e-post om eit branntilløp på utsida av eit bygg i Lysefjorden-området.

Til Os & Fusaposten seier politioverbetjent Anne Lyssand ved Bjørnafjorden politistasjon at branntilløpet var sløkt då politiet kom til staden.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Det var eit forsøk på å tenna på eit bygg. Eg kan per no ikkje gå ut med kva bygg det er snakk om, seier Lyssand.

Meldinga kom inn kring klokka 15.30 måndag ettermiddag. Politiet har oppretta sak.

OPPDATERT: Anne Lyssand kom litt seinare tysdag formiddag med ei oppdatering. Bygget det er snakk om, er Lysekloster barneskule.

Jakke forsvann frå venterom

Politiet opplyser i ein e-post om eit tilfelle av tjuveri måndag formiddag.

— Melder var til behandling i sentrum. Vedkomande hang jakka frå seg på eit venterom. Jakka blei stolen. Saka vil bli meld, skriv politioverbetjent Anne Lyssand.