Terje Aasland stadfestar at regjeringa vurderer å leggja fram forslag på fire tiltak for å dempa straumkrisa.

Dette er straumtiltaka regjeringa vurderer

Fire tiltak skal vera aktuelle.

Olje- og energiminister Terje Aasland (Ap) fortel til Dagbladet at det dreier seg om fire tiltak mot kraftkrisa:

* Forlenging av straumstøtta til bustader.

Artikkelen held fram under annonsen.

* Straumstøtte til utsette bedrifter.

* Tiltak som sikrar tilstrekkeleg fyllingsgrad i magasina.

* Ordning der straumeksporten blir redusert automatisk viss magasinfyllinga går under eit gitt nivå.

– Vi jobbar på spreng for å få på plass støtteordningar som sikrar både forbrukar og næringslivet føreseielegheit og berekraftige rammevilkår, seier Aasland.

Han seier ikkje når forslaga blir lagt fram, men TV 2 og VG skriv at regjeringa håpar det kan skje neste veke. TV 2 får opplyst at det kan ta lengre tid.

Regjeringa er under eit stadig veksande press med tanke på å gjere noko med prispresset på straum.

SV, Raudt, H og Framstegspartiet støttar ei hasteinnkalling av Stortinget, noko presidentskapet skal avgjera måndag 8. august.

Tysdag var statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) i møte med ordførarane sine i Sørvest-Noreg der straumkrisa var tema. Også internt i Sp er det misnøye med at regjeringa ikkje har teke større grep. Partiveteran Per Olaf Lundteigen bad tysdag om grep frå regjeringa innan måndag. Også LO har kome med krav.

Artikkelen held fram under annonsen.

Auka press: Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) er under auka press for å ta ytterlegare grep for å dempe prispresset på straum.

Krev auka straumstøtte

Høgre føreslår å auka straumstøtta til 90 prosent av alle kostnader over 70 øre. Den auka straumstøtta skal gjelda allereie frå 1. september om Høgre får det som dei vil.

– Staten tek inn veldig mykje pengar på straum akkurat no. Dette er ei inndraging av pengar frå norske familiar, seier Solberg som stadfestar at partiet er klar for å hasteinnkalla Stortinget.

Ho meiner det no er eit sterkt behov for auka straumstøtte.

– Alle trudde det ville bli lågare prisar og mindre forbruk i sommar. men prisane har vorte høgare, særleg på Sør- og Vestlandet. Difor går vi inn for 90 prosent allereie frå september av, seier ho.

– Regeringa må på banen

Venstres Sveinung Rotevatn krev at regjeringa kjem på banen.

– Regjeringa må snarast koma til Stortinget med eit forslag til ei straumstøtteordning som skaper tryggleik for at folk kan betala straumrekninga si. Då er vi førebudde på å setja oss ned og snakka oss fram til eit breitt forlik som forbetrar støtteordningane, uttalar han.

Nei til makspris

Høgres energipolitikar Nikolai Astrup gjorde det onsdag klart at partiet ikkje vil gå inn for verken makspris på straum, noko fleire parti og fagrørsla har teke til orde for, eller restriksjonar på straumeksporten.

Solberg forklarer motstanden mot makspris slik:

Artikkelen held fram under annonsen.

– Hadde dette berre vore spørsmål om folks økonomi, så hadde ikkje makspris vore noko problem. Men viss det er snakk om at det kan bli straumrasjonering til hausten, så hjelper jo ikkje makspris, seier Solberg, som meiner straumstøtte gir eit betre insentiv til å spara på straumen.

Vil byggja ut flaskehalsar

Samtidig er Noreg prega av ein enorm forskjell i straumprisane i nord og sør. Det må det snarast gjerast noko med, meiner Solberg.

– Vi må byggja ut dei flaskehalsane vi har, raskast mogleg. Her må vi setja alle klutar til. For det er også ei ulempe med veldig låge straumprisar. Vi har mange kraftprosjekt, særleg i nord, som kan bidra til fleire industriprosjekt. Men problemet er at desse kraftprosjekta ikkje blir realiserte når straumprisen er så låg, seier Høgre-leiaren.