Manglar: Heile 70-80 prosent av kontrollerte motorsyklar på Os vidaregåande skule hadde tekniske manglar.

Dette problemet held folk i Bjørnafjorden vakne

Spesielt på ettermiddagar og kveld er det ille, i fylgje Statens vegvesen.

Onsdag gjennomførte Statens vegvesen (SVV) ein kontroll av lette motorsyklar på Os vidaregåande skule.

Årsaka er gjentakande problem med motorsyklar som har eksosanlegg der støydempinga er fjerna.

Artikkelen held fram under annonsen.

Motorsyklar utan støydemping bråkar nemleg noko «heilt hinsides».

Skiltmåling: Grade-målinga viser om skiltet er riktig vinkla.

I fylgje Lars Harald Drange, seniorinspektør i SVV, får politiet i Bjørnafjorden inn mykje klager på dette. Spesielt på ettermiddag og kveldstid.

– Det held folk vakne, og det har blitt eit ganske stort problem, seier Drange til BT.

I fylgje ei pressemelding frå SVV, er desse motorsyklane parkerte på dei vidaregåande skulane på dagtid. Elevane skal dessutan vera klar over at dei køyrer motorsyklar som ikkje er godkjende.

— Elevane samla seg rundt kontrollørane våre. Vi fekk god kontakt og rettleia dei på ein positiv måte, seier Drange.

Mellom 70 og 80 prosent av motorsyklane som vart undersøkte hadde tekniske manglar.

Det var alt frå bruk av ikkje godkjende speglar, speglar som var fjerna, skilt som er vinkla opp over tillatne vinkel på 30 grader, dårlege dekk og bremsehendlar som er bytta ut med uoriginale hendlar.

— Det er viktig å tenkja over at bremsene skal tola dei kreftene krava stiller. Om ein kjøper billege delar på nettet som ser kule ut, er det viktig at dei er laga for føremålet. Ved ei kraftig oppbremsing er det viktig at bremsedelen ikkje knekk eller bøyer seg, det kan få fatale følgjer.

Artikkelen held fram under annonsen.

Å køyra motorsykkel utan støydemping medfører køyreforbod på staden. Eit skilt vinkla over 30 grader gir eit gebyr på 3.000 kr til føraren.

Under kontrollen på Os vgs vart det delt ut eitt gebyr og to skriftlege manglar.