Kontroll Halhjem: N/A

Bøtela MC-førarar: Meiner enkelte regelbrot er ein gjengangar hos motorsyklar

Statens vegvesen hadde fredag kontroll på Hjellemarka, i Industrivegen og i Os sentrum.

23 lette køyretøy vart kontrollerte for bruk av bilbelte, medan 478 totalt vart observert for bruk av bilbelte.

Det resulterte i to gebyr for manglande bruk.

Artikkelen held fram under annonsen.

12 køyretøy fekk mangellapp. Fem førarar vart ilag køyreforbod, og eit køyretøy vart avskilta.

Den eine bilen fekk køyreforbod grunna dårleg sikring av last på taket, samt slitt og skada stropp. Føraren ordna opp på staden og fekk køyra vidare.

DB-killer

Fire motorsyklar (herunder tung mc, lett mc og moped), fekk køyreforbod grunna manglande restriktor/DB-killer i eksosanlegget. Dette genererer støy som er til irritasjon for andre trafikantar og bebuarar. Det er heller ikkje i samsvar med køyretøyets krav og forskrifter, opplyser Mikael Weisz Breistein i Statens vegvesen.

Ein moped vart kontrollert og køyrd på rulleprøver. Det viste seg då at han hadde ein toppfart på 85 km/t. Resultatet vart avskilting på staden, kontrollseddel og melding til politiet.

Det vart vidare delt ut to gebyr på 3.000 kroner for skiltvinkel over 30 grader på MC.

— Ein gjengangar på MC (tung, lett og moped), er at det vert montert uoriginale eksosanlegg som ikkje er godkjende, speglar som ikkje er e-merka og godkjende for vegbruk, skiltvinkel utanfor forskrifta sine krav, samt uoriginale bremsehendlar som ikkje er godkjende og tilfredsstiller kravet til styrke. Sistnemnde kan resultera i knekt bremsehendel ved til dømes naudbrems med dei konsekvensane dette medfører, seier Breistein.