Nokon har plassert stolar og fleire posar restavfall ved Fretex si tøyinnsamling.
Nokon har plassert stolar og fleire posar restavfall ved Fretex si tøyinnsamling.

Dette synet møtte AMFI-tilsette idag tidleg

Nokon har sett møblar og søppelposar utanfor Fretex sine containerar ved AMFI.

- Det er ikkje greitt å leggja frå seg søppel rundt Fretex sine innsamlingscontainarar, seier senterleiar Silje Lygre.

Det var i løpet av helga at nokon hadde vore innom AMFI Os sitt uteområde og levert frå seg bosset.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Me oppfordrar så fint me kan om at folk leverer boset sitt på gjenvinningsstasjonen i Kolskogen

Ønskjer ikkje papircontainer-reprise

- Er dette eit gjentakande problem?

- Det skjer dessverre frå tid til anna. Det er synd for me ønskjer jo ikkje at Fretex-containerane må vekk, seier ho.

For nokre år sidan hadde senteret containerar for innsamling av papir og papp ståande, som til slutt vart fjerna som følgje av same problemet.