Venjaneset: Dieselen ligg i vegbana heilt frå Eikelandsosen og hit til ferjekaia.

Diesel i vegen heilt frå Eikelandsosen til Venjaneset ferjekai

Entreprenør er på veg, og Vegtrafikksentralen håpar på regn.

Like etter klokka 17 fekk Vegtrafikksentralen melding om at det ligg diesel i vegbana på FV 552 heile vegen frå Eikelandsosen til Venjaneset ferjekai.

— Vi har varsla entreprenør som er på veg til staden. Både han og vi håpar på regn så snart som mogleg, seier trafikkoperatør Stein Nestås på Vegtrafikksentralen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Nestås fortel at dei ikkje veit noko om årsaka til utsleppet, og at det er som «nål i ein høystakk» å prøva å finna ut av dette.

— Men det kan nok vera litt glatt på vegen, så køyr forsiktig, seier han.