Difor fekk enkelte i sentrum levert post på ein søndag

Politi: Den lokale patruljen tok likesågodt ein køyrerunde.

Etter i dag kan nokre lokale politifolk føya til «postbod» på CV-en sin.

Politiet fekk søndag melding om ein del brev og uopna post som låg og slong gatelangs i Os sentrum.

Patruljen tok naturlegvis ein tur til Øyro og plukka med seg posten.

Artikkelen held fram under annonsen.

Deretter tok dei ein køyrerunde for å putta breva i dei respektive postkassane.

Det opplyser Vest politidistrikt på Twitter.