Ordførar Atle Kvåle og fung. ordførar Laila Reiertsen seier at nervesambandet mellom Hatvik og Venjaneset blir endå viktigare når dei to kommunane blir eitt. Fredag fekk dei stadfesta at Skyss/Fylkeskommunen har god kontroll.
Ordførar Atle Kvåle og fung. ordførar Laila Reiertsen seier at nervesambandet mellom Hatvik og Venjaneset blir endå viktigare når dei to kommunane blir eitt. Fredag fekk dei stadfesta at Skyss/Fylkeskommunen har god kontroll.

Diskuterte ferjeproblema med fylket

Ordførarar frå fleire kommunar kring Bjørnefjorden lufta i dag situasjonen med kansellerte ferjer og færre ferjeavgangar.

Ferjemøtet som ordførarMarie Bruarøy først ikkje fekk vera med på, og deretter likevel fekk, gjekk av stabelen i dag. Men med Bruarøy på ferie måtte fungerande ordførar Laila Reiertsen steppa inn saman med Atle Kvåle på møtet med Skyss/Fylkeskommunen. Etter møtet kalla dei inn til pressekonferanse framføre rådhuset.

– Det var eit godt møte, der me fekk lufta ut ein del ting. Dei ser situasjonen vår, og tek det på største alvor.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det var ikkje noko oppvaskmøte, men ei orientering om status. Me var alle samde om at informasjonen når hendingar oppstår ikkje er godt nok handtert, seier Kvåle. 

Vil straffa seg å kansellera avgangar

I vinter og i vår hadde FosenNamsos fleire uhell med ferjene som førte til kansellerte avgangar, og i framtida vil det bli sanksjonar mot ferjeoperatørar i slike tilfelle.

– Det kjem til å kosta dei dersom dei ikkje leverer i høve til det dei har forplikta seg til. Det blir Skyss/Fylkeskommunen som administrerer gebyret, seier Laila Reiertsen.

– Fekk de noko forklaring på kvifor det har vore så mange uhell?

– Det var mange uheldige faktorar som slo til samstundes. Ein gamal ferjepark er jo ein av dei, seier Atle Kvåle.

Viktig med morgonferje og rush-ferjer

FosenNamsos hadde i forkant av dagens møte vore i dialog med Skyss/Fylkeskommunen om stoda, og ferjeselskapet hadde lagt seg flate på dette punktet. 

Frå 1.1. 2018 overtek Fjord1 fleire ferjesamband i Hordaland – inkludert Hatvik-Venjaneset. Det vart spurt på møtet om reserveferjer framleis blir ivareteke på ein god måte med den nye operatøren, og det vart stadfesta. 

– Kva med tematikken med færre ferjeavgangar ved ny ferjeoperatør?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det vart så vidt teke opp. Der blir det dialogmøte med dei involverte kommunane. Det som i alle fall er viktig for Fusa sin del er at 5.35-avgangen blir vidareført og god dekning i rush-tida, seier Atle Kvåle. 

Autopass kan løysa opp køane

Laila Reiertsen seier at kø-problematikken på Halhjem også kan finna si løysing ved at autopass vert innført på ferjesambanda. Dette finst på riksvegferjene alt i dag, men skal også innførast på ferjer som går mellom fylkesvegar.

– Då blir det betaling per bil, og ikkje per passasjer, så det vil lønna seg å køyra med full bil. Men framfor alt vil det vera lettare og raskare å berre kunna køyra rett på ferja, seier Reiertsen og Kvåle.