I løpet av tre dagar i førre veke fekk retten presentert alle sider ved drapsforsøket som fann stad ved Compact på Søfteland i desember i fjor.
I løpet av tre dagar i førre veke fekk retten presentert alle sider ved drapsforsøket som fann stad ved Compact på Søfteland i desember i fjor.

Dømd til tvunge psykisk helsevern

I dag kl 14 fall dommen i knivstikkingssaka på Compact.

I løpet av tre dagar i førre veke fekk retten presentert alle sider ved drapsforsøket som fann stad ved Compact på Søfteland i desember i fjor. Den då 44 år gamle kvinna fekk fire knivstikk på overkroppen, noko som kunne ha vore livstrugande. I tillegg skar tiltalte kvinna 15 gonger i andletet.

I dag fall dommen i saka. Tiltalte er dømd til tvunge psykisk helsevern. I tillegg er tiltalte dømd til å betala 100.000 i oppreising til kvinna.

Artikkelen held fram under annonsen.

Forsvararen til tiltalte, Martin Gautestad Jakobsen, seier til Os & Fusaposten at dei tek dommen til etterretning, og at dei innanfor ankefristen på to veker vil vurdera om dei skal anka eller ikkje.

Tiltalte kan begjæra oppheving av det tvungne psykiske helsevernet i prinsippet kvart år. Kvart tredje år har påtalemakta plikt til å prøva vilkåra for vidare tvunge psykisk helsevern for domstolen og om desse framleis er oppfylt. Så lenge vilkåra er oppfylt, er det i prinsippet inga tidsavgrensing på det tvungne psykiske helsevernet.

Helsevesenet avgjer innhaldet i behandlinga.