Dørseljar fotograferte hus

Ein bebuar i Varåsen kontakta politiet etter at ein austeuropeisk dørseljar tok bilete av huset hans.Dørseljaren selde trefigurar i Varåsen-området i 8.30-tida mandag morgon. Etter å ha blitt avvist av ein bebuar, skal dørseljaren ha byrja å ta bilete av huset. Då han vart kontrontert med dette, skal han ha sagt at han tok bilete av fjorden.Problemet er berre at ein ikkje kan sjå fjorden frå huset der. Dermed kontakta bebuaren politiet.– Vi rykte ut for å sjå etter dørseljaren, men leita utan å finna vedkomande, fortel politioverbetjent Rune Fimreite hos Os lensmannskontor.

Lås døra

– Generelt er det ein god rutine å låsa døra om du går ut, eller om du så berre sit i andre etasje.

Artikkelen held fram under annonsen.

Fimreite ber også folk ta kontakt dersom dei opplever dørseljarar som oppfører seg merkeleg.

Svinga raskt unna

Ein personbil måtte svinga raskt unna då ein lastebil slo laus fleire steinblokker ved skyttarhuset på Ulven mandag like før klokka 16.

Lastebilen skal ha snissa fjellsida, men personbilen som kom bak gjekk heldigvis klar.

anne-marie@osogfusa.no