Gjekk frå møte: – Eg tåler nederlag, men ikkje taskenspilleri. Lukke til, sa Frp-politikaren då han gjekk.

Her reiser Tor Inge Døsen (Frp) seg og går frå møtet. Trekkjer seg frå PBU.

– Eg tåler nederlag, men liker ikkje taskenspilleri.

Det vart dramatisk då PBU i dag skulle handsama saka om områdeplan for Os sentrum. Etter ein lengre diskusjon om habiliteten til Gustav Bahus, der det med 5 mot 4 røyster vart vedteke at Bahus er inhabil, reiste Tor Inge Døsen seg og gjekk, og uttalte samstundes at han trekkjer seg frå PBU for resten av perioden.

– Eg tåler nederlag, men liker ikkje taskenspilleri. Lukke til, sa Frp-politikaren då han gjekk.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Gjekk i protest mot det han kallar «tussaskap»