Her vert dei ulovlege garna i Os dregne inn.
Her vert dei ulovlege garna i Os dregne inn.

Drog inn ulovlege garn

Statens naturoppsyn gjennomførte lakseoppsyn sist laurdag. Tre ulovlig setjegarn vart dregne inn. To av desse var sett i ei lenke i ein fredningssone i Os. Saka er meldt til politiet.

Oppsynet var mellom anna retta mot å avsløra ulovleg fiske etter sjøaure. Nokre utvalde område kring Bjørnafjorden, Fusafjorden og ytre deler av Hardangerfjorden vart kontrollerte.

Det tredje ulovlege garnet sto i Hardangerfjorden, i Kvinnherad kommune.

Artikkelen held fram under annonsen.

Statens naturoppsyn minnar i ei pressemelding om reglane for garnsetting som gjeld for fritidsfiske.

- Frå og med 1. mars til og med 30. september skal alle setjegarn med større maskevidde enn 32 millimeter målt frå knute til knute senkast ned slik at heile fangstdelen står minst tre meter under havoverflata til ei kvar tid. Dette er den generelle regelen, opplyser naturoppsynet

Innanfor fredningssonane er det eigne reglar. Her skal alle garn, uansett maskevidde, senkast ned til minst fem meter under vassflata. Ingen fastståande reiskap kan setjast nærare enn 100 meter frå elvemunningane.

Statens naturoppsyn opplyser at dei i tida framover vil ha særleg fokus på å avdekkja ulovleg fiske etter sjøaure, og seinare også villaks når den kjem.