Marius Hustad hadde god oversikt rundt seg då han var ute og flaug med sin nye drone onsdag. Dessverre vart nord-aust-vinden over Knutavegen langt sterkare enn han hadde forutsett. Dermed fauk julegåve-dronen av garde retning Thuen.
Marius Hustad hadde god oversikt rundt seg då han var ute og flaug med sin nye drone onsdag. Dessverre vart nord-aust-vinden over Knutavegen langt sterkare enn han hadde forutsett. Dermed fauk julegåve-dronen av garde retning Thuen.

Dronen drog med vinden

Det var den beste julepresangen han kunne få, men for Marius var lukka kortvarig. Fjerde juledag fauk julegåva med vinden.

Han smurte seg med tolmod og venta til Urd hadde blese frå seg andre og tredje juledag. Likevel gjekk Marius Hustad på eit sviande nederlag mot vinden onsdag ettermiddag. På den andre lufteturen med sin nye Galaxy Visitor-drone vart nord-aust-vinden for sterk. Nær hundre meter over hustaket i Knutavegen fekk vinden skikkeleg tak på den gyro-styrte dronen og stakk av i retning Særvollsviken eller Thuen.

Øvst på ønskelista

Ti år gamle Marius hadde dronen øvst på ønskelista frå tidleg i haust. Då han opna gåva frå mor og far på julaftan var han i hundre.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det var nett ein slik ein eg hadde ønskt meg. Eg var superglad, fortel femteklassingen frå Lunde skule.

Etter å ha øvd på å køyra dronen innandørs i fleire dagar byrja han så smått å køyra utanfor på marka ovanfor huset 3. juledag.

- Det gjekk heilt fint då. Eg byrja å få taket på køyringa og følte meg eigentleg trygg, fortel Marius.

Pappa Rolf og Marius leita lenge etter dronen onsdag kveld. Dei håpar i det lengste at han ikkje har hamna i sjøen i Særvollsviken bak dei her.
Pappa Rolf og Marius leita lenge etter dronen onsdag kveld. Dei håpar i det lengste at han ikkje har hamna i sjøen i Særvollsviken bak dei her.

- Kva var det så som skjedde då du mista han?

- Eg køyrde kanskje litt for høgt, så tok vinden fatt i han. Det hjelpte ikkje kva eg gjorde eller kvar eg prøvde å styra han. Vinden berre tok fatt i han, og før eg ante ordet av det var han ute av syne, fortel Marius.

Han var heilt ute av seg etterpå.

- Eg vart først veldig redd, redd for at det var det siste eg så til han. Deretter vart eg lei meg, fortel 10-åringen.

Lette til inga nytte

Etter å ha fortalt det heile til pappa Rolf, vart han og storebror Mikael med på leitetur onsdag ettermiddag. Dei tre leitte i bortimot to timar utan hell.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det er vanskeleg å seia kvar dronen eigentleg tok vegen. I verste fall gjekk han i sjøen i Særvollsviken, sukkar pappa Rolf.

Men en vel så sannsynleg er det at han fauk oppover mot Hagavik Hjemmebakeri og Thuen-området.

- Då dronen forsvann var det ti minutt til med køyretid på batteriet. Dermed kan han godt å ha fauke fleire kilometer av garde, meiner pappa Rolf.

Håpar på godt nytt

Dei etterlyste dronen på Facebook onsdag kveld. Då Os og Fusaposten var utom Marius og faren torsdag føremiddag, var det førebels ingen som hadde meldt frå om å ha sett dronen.

- Han kosta kring 2.500 kroner, så det er sjølvsagt veldig ergelig, seier pappa.

- Kan de få att noko på forsikringa?

- Nei, det trur eg ikkje det er vits i å bruka tid på. Eigenandelen vert vel like stor som kostnaden på dronen, trur pappa Rolf.

- Då står det berre att å håpa at Os og Fusapostens lesarar i området sjekkar hagen og tomta si.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Ja, me får håpa folk kan sjå litt etter. Kanskje får me godt nytt innan me når nyttår, seier Marius og pappa Rolf.

Om nokon i Særvoll- eller Thuen-området skulle sjå ein svart drone med grønn merking. Med to svarte og to grøne propellar, av typen Nine Eagle Galaxy Visitor 6 pro, så formidler lokalavisa gjerne kontakt med eigarane.