Politiet rykte ut til ein fest i Greidalsvegen i natt.
Politiet rykte ut til ein fest i Greidalsvegen i natt.

Drukkenskap og Ring på spring

Politiet vart tilkalla til ein fest i Greidalsvegen der ungdommane leikte ring på spring. Seinare på natta vart ein mann sett i drukkenskapsarrest.

I ei bustadblokk i Greidalsvegen (Moberg) vart det halde fest i natt. Rundt klokka 1.45 fekk politiet melding om bråk og at folk var plaga av ring på spring frå deltakarar på festen.

– Då politiet kom til staden rundt 2.30 hadde festen roa seg noko, og ein del var alt henta. Festen vart avslutta kl 2.40, seier vakthavande ved Vest politidistrikt, Kjersti Eidsnes.

Artikkelen held fram under annonsen.

Blanda seg inn i politiarbeidet

Klokka 2.45 var politiet på Osøyro og gjekk i mellom to personar som slåst i Brugata. Så skulle ein tredjemann blanda seg inn.

– Han blanda seg inn i politiets arbeid og tok til å bli utagerande. Han fekk fleire pålegg om å forlata sentrum. Då han ikkje etterkom pålegget, vart han innsett i drukkenskapsarrest, seier Eidsnes.

Mannen - som er i 30-åra - kan venta seg eit forelegg for sin oppførsel.