Sist laurdag var det dugnad på Strandvik kyrkjegard. Då vart det m.a. lagt ut ny singel framfor og rundt Strandvik kyrkje.
Sist laurdag var det dugnad på Strandvik kyrkjegard. Då vart det m.a. lagt ut ny singel framfor og rundt Strandvik kyrkje.

Dugnadstid på kyrkjegardane i Fusa

Tradisjonen tru er det vårdugnadar kring på kyrkjegardar og gravplassar i Fusa.

Sist laurdag vart det gjennomført dugnad i Strandvik, og både på Baldersheim, Holdhus og Fusa har det allereie vore ein eller fleire dugnadar av enkeltpersonar eller grupper.

Vi held fram måndag 25. april med dugnad på Holdhus kyrkjegard. Her vil det bli vårstell, og så vil vi ha ein samtale om korleis vi kan gjennomføre dugnadar i framtida.

Artikkelen held fram under annonsen.

Tysdagen er det stordugnad på Fusa, på begge kyrkjegardane. Her trengst masse folk, og vi skal gjennomføra både lett og litt tyngre arbeid. Vi skal reinska opp i hellegangane og rydda opp i masse kvist etter at ein har hatt trepleie begge stader. Ta med utstyr du har som t.d. hagesaks, rive, piassavakost, spade, grapse og trillebår.

Neste laurdag er det dugnad på kyrkjegarden på Eide og på Sævareid kyrkjegard. Ta med hageutstyr og bli med. På Eide skal vi m.a. klippa ned ein hekk!

På Nordtveitgrend og Aakre gravplass vil det også bli gjennomført vårdugnad med det første, og på Baldersheim er det full rulle med bygging av reiskapshus og toalett - sist veke m.a. forskaling - alt på dugnad. Det er planar om større dugnadsarbeid også på Sævareid seinare i år.

Soknerådsleiar Roald Samnøy (i midten) inspiserer, og er imponert over innsatsen folket på Baldersheim gjer for å få dette til. Til vestre Kjell Åsvang og til høgre Sigmund Leitet.
Soknerådsleiar Roald Samnøy (i midten) inspiserer, og er imponert over innsatsen folket på Baldersheim gjer for å få dette til. Til vestre Kjell Åsvang og til høgre Sigmund Leitet.

Det er dugnadsarbeidet som gjer at vi har ein såpass bra standard som vi har ved fleire av kyrkjegardane våre. Vi håpar mange blir med på dugnadane i år!

Fusa sokneråd takkar alle som har vore med på dugnadane så langt, og for alle som blir med i tida framover.

Fusa sokneråd