Kontrakten vart underskriven torsdag. (F.v.) Salsdir. Tor-Ove Lussand, ABB AS, regionvegsjef Helge Eidsnes og styremedlem Magnus Thunestvedt.
Kontrakten vart underskriven torsdag. (F.v.) Salsdir. Tor-Ove Lussand, ABB AS, regionvegsjef Helge Eidsnes og styremedlem Magnus Thunestvedt.

E39: Inngjekk elektro-avtale på til saman 382 millionar

Torsdag blei den største elektro-kontrakten for Statens vegvesens E39-prosjekt inngått i Bergen. Det er ein entreprise på 382 mill. kroner.

Oppdraget gjeld bygging av alle elektrotekniske anlegg, styring, regulering og overvaking for heile E39 Svegatjørn–Rådal.

Artikkelen held fram under annonsen.

Arbeidet skal utførast av arbeidsfelleskapet Magnus M.Thunestvedt AS i Bergen og ABB AS i Asker.

- Det har vore ein grundig prosess før ein kom fram til signering av kontrakt. Tilbodsopninga var for eitt år sidan. Sidan har saka vore oppe to gonger i Oslo byfogdombod, før Statens vegvesen nyleg vann fram i retten, og kunne signere kontrakt torsdag, heiter det i ei pressemelding frå vegvesenet.

Kontrakten inneheld heile 125 km med el-kablar, 100 km med fiber-nett, 5.330 lysarmaturar og 1.150 ledelys i tunnel. Dessutan blir det 550 opplyste skilt, over 400 kamera, 260 naudtelefonar og over 100 ventilasjonsvifter.

Arbeidet vil venteleg ta til i Skogafjellstunnelen i Os, der entreprenøren er komen lengst med innreiinga av dei to tunneløpa.

jostein@osogfusa.no