E39: N/A

E39 retning Os open att etter ulukke

Ulukka skjedde i Endelausmarka for få minutt sidan.

Klokka 15.01 melde Vegtrafikksentralen om ei trafikkulukke på E39 i Endelausmarka.

Dette gjorde at Lyshorntunnelen i retning Os vart stengd.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Ein bil kom ut av Skogafjelltunnelen i retning Bergen og snurra i vegbana og trefte autovernet, fortel operasjonsleiar Eivind Hellesund.

Det var ein person i bilen, og vedkomande er uskadd.

Det var likevel store materielle skader i front bak på bilen, som no er henta av ein bilbergar som i fylgje BT kom tilfeldig forbi.

— Folk må vera obs på strekninga mellom dei to tunnelane. Ein kjem ut i 100 km/t og vert møtt av mykje slaps og vatn. Det kan vera glatt og krevjande, så køyr forsiktig.

Ulukka skjedde kort tid etter at ein bil sklei av vegen på Bø og trefte ein lyktestolpe.

Litt før det att, vart det meldt om bilberging i Lønningdal.

Gult farevarsel

Klokka 15.34 melder Vegtrafikksentralen på X om stor fare for vassplaning på Vestlandet.

Dette fordi frost i bakken og regn i lufta gjer at det fleire stader samlar seg mykje vatn.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Køyr forsiktig, oppmodar dei.

Det er også sendt ut gult farevarsel for is for store delar av Vestlandet julaftan føremiddag.

På grunn av overgang til mildvêr, er det fare for regn som frys på kald bakke og lokalt frysande regn, som kan skapa vanskelege køyreforhold. Overgangen til mildvêr vil fyrst skje i sør og problemet vil vara lengst i indre strøk av Rogaland

Isen kan vera vanskeleg å sjå.