For fjerde gong: Det er fjerde kommunevalet Marie Bruarøy stiller som ordførarkandidat for Høgre.

– Eg er audmjuk og takksam for tilliten

Marie E. L. Bruarøy er vald som ordførarkandidat for Bjørnafjorden Høgre.

Bjørnafjorden Høgre hadde torsdag kveld nominasjonsmøte for ordførarkandidaten til kommunevalet 2023-2027.

Bruarøy var innstilt frå nominasjonskomiteen, og vart vald av eit samla nominasjonsmøte utan motkandidatar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dei øvrige kandidatane til Høgre si liste skal veljast på nominasjonsmøte i november.

Det opplyser partiet i ei pressemelding.

– Marie er takksam for tilliten partiet gjev henne, og partiet er særs nøgd med at ho nok ein gong har stilt seg til disposisjon, skriv partiet.

Det er fjerde kommunevalet Bruarøy stiller som ordførarkandidat for Høgre. Ho har vore varaordførar i Os kommune i åtte år, og ordførar i nærare to år.

– Marie og Bjørnafjorden Høgre er klar for å arbeida for eit borgarleg fleirtal etter valet neste haust, heiter det i pressemeldinga.