Kunst-interesserte frå store delar av fylket var i dag innom Oseana for å sjå den nye utstillinga.
Kunst-interesserte frå store delar av fylket var i dag innom Oseana for å sjå den nye utstillinga.

Ei kunstutstilling heilt utanom det vanlege i Oseana

Hundrevis av menneske frå heile Hordaland kom i dag til kunst- og kultursenteret for å sjå den unike utstillinga. Sjå stor bildeserie!

Karikaturar av Donald Trump, live performance og politisk kunst. Ikkje mindre enn 400 kunstnarar frå 14 kommunar stiller i desse dagar ut sine verk i Oseana. Dei kjem frå fylkets kulturskular, frå Ullvensvang i aust, Lindås i nord og Bømlo i sør. Os og Fusa kulturskule er med gjennom Friskunst-prosjektet, i utstillinga som heiter Vårutstillingen 2017.

– Eg er glad og stolt over å ha denne utstillinga her hjå oss. Gjennom slike prosjekt er Oseana akkurat det me ønskjer å vera. Eit kunst- og kultursenter for heile regionen, sa direktør Ole Tobias Lindeberg til lokalavisa.

Artikkelen held fram under annonsen.

Endeleg kunstfag også i Os

I sin opningstale la kultursjef Lisbeth Axelsen vekt på kor mykje kunst betyr for menneska.

- Me veit at når me gjer borna ein sjanse til å uttrykkja seg gjennom kunst, får dei utvikla sin kreativitet, sine kjensler og sin fantasi. Det er ein ekstremt viktig del av det å kunna utvikla seg som eit heilt menneske, sa Axelsen.

At Os kommune har funne midlar til å oppretta visuelle fag ved kulturskulen - som startar opp frå hausten av, var difor noko kultursjefen med glede kunne fortelja til det kulturinteresserte publikummet som talde fleire hundre.

Fleire studerte også den livaktige krokodillen - som er ein fast del av Griegsamlinga - med skrekkblanda fryd.
Fleire studerte også den livaktige krokodillen - som er ein fast del av Griegsamlinga - med skrekkblanda fryd.

Mennesket som bildeskapande vesen

Alf Bugge Gjerstad, leiar for visuelle kunst ved Bergen kulturskule i Bergen kommune, siterte barnebok-forfattaren Michael Ende for å få fram kor viktig kunst og fantasi er for menneske.

– Det finnes mennesker som aldri kommer til Fantasia. Og det finnes mennesker som kan komme dit, men som blir der for alltid. Men det er også noen smo reiser til Fantasia og vender tilbake igjen. Det er disse som gjør begge verdener friske, siterte Gjerstad forfattaren.

– Visste de at det finst holemaleri som er 77.000 år gamle? Det seier noko om kor viktig det å skapa bilete er for oss menneske. Me er skapt slik at me må laga bilder, sa Gjerstad, før kunstustillinga vart erklært for opna, og heile forsamlinga gjekk ned for å studera.

– Til alle borna som har vore med å laga dette, vil eg seia: Dei som ser desse bileta, kjem til å gå ut derifrå som forandra menneske. For dei har fått nye bilete, nye opplevingar, sa Gjerstad.

ol@osogfusa.no