Roleg påske: Politioverbetjent Anne Lyssand ved Bjørnafjorden lensmannskontor, fortel at bjørnafjordingane har oppført seg fint i påska.

Éi melding om feststøy gjennom heile påska: – Eg er positivt overraska

– Innbyggjarane i Bjørnafjorden kommune har oppført seg fint, seier politioverbetjent Anne Lyssand.

Natt til søndag klokka 02.20 fekk politiet melding om støy frå ei adresse på Søfteland.

– Det var støy knytt til festing. Ein person hadde arrangert fest. Det var seks personar på besøk. Dei spelte høg musikk. Då politiet kom til staden, la dei seg flate. Dei avslutta festen med ein gong, seier Anne Lyssand og legg til:

Artikkelen held fram under annonsen.

– Gjennom heile påska, er dette den einaste meldinga vi har fått om støy knytt til festing.

– Er du overraska over at det?

– Ja, det er eg. Eg er positivt overraska. Eg hadde forventa fleire samlingar, og ofte når det er alkohol i biletet, kan det gå litt ut av kontroll. Det er kjempepositivt at råd blir tekne til etterretning, og at restriksjonar blir følgde. Det er tydeleg at folk har høyrd på råd som er gitt. Innbyggjarane i Bjørnafjorden har oppført seg fint i påska, seier Lyssand.