Måtte rykka: Politiet måtte onsdag kveld rykka ut for å fjerna ein madrass som låg i vegen mellom Skogafjellstunnelen og Lyshorntunnelen.

Eigaren av madrassen på E39 kontakta sjølv politiet

— Dette får nok ikkje noko etterspel, seier politioverbetjent Christine Grindstein.

Det var onsdag kveld at ein madrass blei observert i vegen i 100 km/t-sona i Endalausmarka. Ei kuriositet av ei sak, men det er sjølvsagt ikkje heldig at det ligg ein madrass i vegen. Spesielt på ein stad med så høg fartsgrense.

Likevel er det ikkje snakk om å følgja eigaren av madrassen opp i form av straff.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Dette er nok eit uhell. Eigar kontakta politiet sjølv, og snakka med operasjonssentralen. Eg sit ikkje med særleg meir informasjon om hendinga, men eg vil jo tru at dette ikkje er oppdaga før vedkomande hadde kome heim. Elles ville nok madrassen ha blitt henta tidlegare, seier Grindstein.

Eigaren skal ha sagt til politiet onsdag kveld at han ville ta hand om madrassen.

Grindstein seier vidare at slik hendinga er presentert i loggen, ser det ikkje ut til å vera ei “ønskt handling”. Det at han sjølv melde seg, tyder også på det. Vidare seier Grindstein at politiet ikkje kan seia noko om sikringa av madrassen, då dei ikkje har snakka med eigaren i sanntid.

— Men madrassen låg att på E39. Tyder ikkje det på at lasten ikkje var tilstrekkeleg sikra?

— Godt poeng, seier Grindstein lattermild.

— Men igjen, bruk av ressursar, tid og stad for hendinga, gjer at dette nok ikkje får noko etterspel.