Slike uvêrsdagar kan det vera god bruk for eigenberedskap.
Slike uvêrsdagar kan det vera god bruk for eigenberedskap.

Eigenberedskapsveka 2019: Ber bjørnafjordingane bu seg i tilfelle krise

Hadde du greidd deg i 72 timar utan vatn og straum? Viss ikkje er det på tide å ta grep.

Denne veka er det eigenberedskapsveke i noverande Os og Fusa kommune.

Har du alt du treng for å klara deg sjølv i tre døgn dersom vatn og straum plutseleg blir borte? Det spørsmålet ber kommunen deg om å tenkja gjennom.

Artikkelen held fram under annonsen.

Målet med «Eigenberedskapsveka 2019 – du er ein del av beredskapen i Noreg» er å auka folks kunnskap om eigenberedskap, slik at fleire gjer fornuftige førebuingar. Styresmaktene tilrår at alle husstandar i Noreg tek nokre enkle grep for å betra sin eigen beredskap.

Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) har utarbeidd konkrete råd, mellom anna til eit beredskapslager for å klara seg heime i minst tre døgn, eller 72 timar.

Ordførar med ny koffert

Bjørnafjorden kommune markerer veka på fleire måtar. Mellom anna vil nyvald ordførar Trine Lindborg, onsdag opna ein eigenberedskapskoffert i Fjord’n Senter i Eikelandsosen.

Kjøpesentra i Os og Fusa viser kva du bør ha i kofferten.
Kjøpesentra i Os og Fusa viser kva du bør ha i kofferten.

Lindborg «opnar» beredskapskofferten på Fusa-sida av fjorden dagen etter konstituerande kommunestyremøte. Dette er eitt av dei fyrste oppdraga til den fyrste ordføraren i nye Bjørnafjorden kommune.

– Vi er svært glade for at ho set samfunnssikkerheit og beredskap høgt på dagsordenen, seier

rådgjevar og beredskapskontakt Ella Marie Brekke Vangsnes i ei pressemelding.

Ho fortel vidare at kommunen oppmoda kjøpesentra Fjord’n Senter og Amfi Os på Flåten, til å utstyra kvar sin koffert. Ei utfordring kjøpesentra tok på strak arm.

Butikkane i dei to sentra har gått saman om å utstyra ein eigenberedskapskoffert kvar, og desse står utstilte i sentra heile veka.

Artikkelen held fram under annonsen.

Matbutikkane rundt om i bygdene i Fusa og apoteka i Os og Fusa har også blitt utfordra til å vera med og hjelpa folk med å fylla eigenberedskapslagera i heimane.

Jodtablettar

Kommunen vil denne veka også dela ut gratis jodtablettar til alle barnehagar og skular i Fusa.

Før nyttår vil også skular og barnehagar i Os, samt vidaregåande skular på begge sider av fjorden, få slike tablettar.

Jodtablettane skal vera klare til utdeling i tilfelle ei atomhending i barnehage-/skuletid.

På lista frå DSB over kva beredskapslageret ditt bør innehalda, står nemleg jodtablettar til born og unge under 18 år samt til gravide og ammande.

Tablettane må takast innan 2-4 timar etter radioaktiv eksponering. Dei må altså vera der born og unge oppheld seg til dagen.

Jodtablettar kan kjøpast reseptfritt på apotek. På fritida må foreldre og føresette sørga for å ha jodtablettar tilgjengeleg til born. Difor er det tilrådd som del av eigenberedskapslageret.

Apoteka i Os og Fusa er òg med på markeringa av eigenberedskapsveka.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sjekk av eigenberedskap

For å sjekka korleis det står til med eigenberedskapen, blir det sendt ut ei digital spørjeundersøking til alle tilsette i komande Bjørnafjorden kommune.

Men kvifor er det eigentleg så viktig med eigenberedskap nett no?

Vangsnes fortel at det er fleire forhold som spelar inn.

– Ei av dei viktigaste årsakene er meir ekstremvêr. Dette kan føra til bortfall av kritisk infrastruktur som til dømes straum, vatn og mobilnett.

– I tillegg er vi som bur i Noreg – som er blant verdas tryggaste og mest stabile land – vane med at det meste stort sett fungerer som det skal. Det at vi er avhengige av veldig mange tenester og funksjonar for at det daglege livet vårt skal gå rundt utan store problem, er faktisk ei sårbarheit, seier ho.

Hjelp deg sjølv og andre

For sjølv om vi lever i eit trygt land, kan uønskte hendingar oppstå også hos oss. Og om vi skulle verta ramma av ei stor hending eller krise, er det mange som treng hjelp.

– Dersom fleire av oss er i stand til å ta vare på oss sjølve og dei rundt oss ved ei hending, kan hjelpa setjast inn der behovet er størst. På den måten er du ein del av beredskapen i Noreg.

anne-marie@osogfusa.no