Testa positivt: Ein elev ved Fusa vidaregåande har testa positivt for covid-19.

Ein 17-åring ved Fusa vidaregåande testa positivt for covid-19

13 elevar og tre lærarar ved skulen er nærkontaktar og sett i karantene.

Ein 17-åring testa positivt for covid-19 3. desember. Smittevegen er kjend og nærkontaktar i Bjørnafjorden kommune er kartlagt.

17-åringen er elev ved Fusa vidaregåande skule.

Artikkelen held fram under annonsen.

13 elevar og tre lærarar ved skulen er nærkontaktar og sett i karantene.

Fusa vidaregåande skule er eigd av Vestland fylkeskommune. Skulen og fylkeskommunen handterer situasjonen med assistanse frå kommuneoverlegen i Bjørnafjorden, opplyser kommunen.

Fusa vidaregåande opplyser at det er ingen mistanke om smitte i andre klassar. Skuledagen vil gå som normalt for dei andre klassane. Alle vurderingar og tiltak blir gjort i tett samarbeid med smittevernlege i Bjørnafjorden kommune.