Tombre: Ulukka fann stad på FV 48 ved Tombre.

Traktor med gravemaskin på hengjaren køyrte i fjellveggen. Melder om diesellekkasje frå traktoren

Ulukka fann stad på FV 48 ved Tombre litt før klokka 19.

Det går fram av ei Twitter-melding frå Vest politidistrikt.

Ulukka vart meldt klokka 18.53, og skal ha funne stad på FV 48 ved Tombre.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Ein traktor med ei gravemaskin på hengjaren har køyrt i fjellveggen. Førar framstår uskadd. Traktoren vert beskrive som øydelagt, opplyser politiet i meldinga.

Vidare skriv dei at det skal vera passasje forbi ulukkesstaden, og at politiet rykkjer ut.

200 liter diesel har rent ut

Klokka 19.18 skreiv brannvesenet at dei er framme på staden.

Dei rapporterte også om store materielle skader, og at all dieselen i traktoren har lekt ut. Det skal ifølgje meldinga vera snakk om kring 200 liter.

– Mindre biler kan passera ulukkesstaden. Glatt køyrebane i distriktet, skreiv 110 Vest med store bokstavar.

Rykte ut: Politi og brannvesen rykte ut til ulukkesstaden like før klokka 19.