Torsdag er dyrekiropraktor Cathrine Hjelle Feier på plass for å ta i mot kundar i andreetasje på Max Dyrebutikk.
Torsdag er dyrekiropraktor Cathrine Hjelle Feier på plass for å ta i mot kundar i andreetasje på Max Dyrebutikk.

Eit dyresenter tek form

Dyrekiropraktor er det nyaste tilskotet i andreetasje over Max dyrebutikk, og eit dyresenter er i ferd med å ta form.

- Kva blir det neste?

- No spør du godt. Det veit eg ikkje, seier innehavar av Max Dyrebutikk, Monica Sagen Jensen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Butikken i Os sentrum er på golvplan, men dei disponerer også andreetasje. Sagen Jensen har ikkje aktivt søkt etter å få inn noko i etasjen over butikken, som tidlegare blei brukt som mellombels lager. Men etter at hundefrisør Ingrid Haugland flytta inn i oktober i fjor, gav Sagen Jensen uttrykk for at det er plass til fleire. Torsdag er kiropraktor Cathrine Hjelle Feier på plass for å ta i mot dyr med rygg-, nakke-, og andre helseplager som ho kan hjelpa med.

- Det er framleis litt som manglar for at eg skal kunna opna, men eg reknar med at alt er klart til torsdag, seier Hjelle Feier og held fram:

- Eg behandlar primært hundar, kattar og hestar, men eg kan óg ta i mot andre dyr, seier osingen.

Cathrine Hjelle Feier var på utkikk etter eit lokale å driva frå, og tok kontakt med innehavar av Max Dyrebutikk, Monica Sagen Jensen, som var positiv til å få dyrekiropraktor i andreetasje.
Cathrine Hjelle Feier var på utkikk etter eit lokale å driva frå, og tok kontakt med innehavar av Max Dyrebutikk, Monica Sagen Jensen, som var positiv til å få dyrekiropraktor i andreetasje.
Døra til høgre i biletet går inn til hundefrisøren. Hjelle Feier kjem til å ta i mot kundar i rommet rett bak ho. Framleis er det rom til fleire.
Døra til høgre i biletet går inn til hundefrisøren. Hjelle Feier kjem til å ta i mot kundar i rommet rett bak ho. Framleis er det rom til fleire.

- Men du får ikkje ein hest opp her i andreetasje?

- Nei, då må eg reisa på besøk, seier Hjelle Feier og smiler.

Ønskte lokale

Sidan ho var ferdig med utdanninga i 2015 har ho behandla dyr privat. I og med at ho har vore att og fram mellom Canada, har ho ikkje hatt behov for eige lokale. I periodane ho har vore i Noreg, har ho reist rundt til kundar. No har ho slått seg ned på Hjelle og ønskte dermed eit lokale å driva verksemda frå.

- Eg såg at det blei sagt at det var plass til fleire over dyrebutikken, så eg kontakta Monica, som var veldig positiv, seier Hjelle Feier, som til dagen jobbar på Os kiropraktorklinikk i Næringsparken.

- Vi er to kiropraktorar i Os kiropraktorklinikk. Vi delar dagane, så eg har tid til å vera her også, seier ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vidareutdanning i USA

Osingen har kirporaktor-utdanninga i botn. Den måtte ho ha for å kunna vidareutdanna seg til dyrekiropraktor. Etter endt studium i England, reiste ho til USA.

- Eg lurer på om det er mogleg, eller snakk om å tilby tilsvarande utdanning i Noreg nso, men det var det ikkje då eg skulle gå vidare, seier Hjelle Feier og held fram:

- Eg var i Kansas. Eigentleg varer kurset i eit halvt år, men eg tok det intensivt over ein sommar, seier ho.

27-åringen fortel at det er mange dyr som slit med diverse plager. Særleg etter kvart som dei blir eldre. Ho har sjølv ein hest som ho har hatt sidan ho var 13 år. Då han fekk vondt i ryggen, kunne ikkje Hjelle Feier krevja at han skulle jobba like hardt som før. Dette var ei hending som gjorde at osingen ønskte å utdanna seg til å kunna behandla dyr.

- Vi tek inn dyr i liva våre, både hundar, kattar, hestar eller andre dyr. Vi må passa på dei. Dei fleste dekkjer basisbehova til dyra, som mat og drikke, men det fins mange dyr som kunne hatt det betre om dei berre fekk hjelp.

- Kva skal ein sjå etter?

- Korleis skal ein vite at dyra treng behandling, dei kan jo ikkje snakka?

- Ein kan sjå det på haldningar, og om dei endrar oppførselen. Har dei vanskar med å gå i trapper, eller å gå inn og ut av bilen, eller har ei anna hovudstilling enn normalt, så er det klare indikasjonar på at noko ikkje er som det skal. Andre teikn kan vera at dei reagerer om ein klappar dei, eller tar dei på bestemte plassar. Dei er flinke til å seia i frå om ein berre veit kva ein skal sjå etter, seier Hjelle Feier.

- Korleis veit ein om ein bør gå til veterinær eller kiropraktor?

Artikkelen held fram under annonsen.

- Om dyret ikkje verkar vera frisk, så ta det med til veterinæren. Dei har hovudansvar for helsa til dyra. Eg vil oppmoda til å vitja veterinær med jamne mellomrom, berre for å sjå at alt er som det skal, seier osingen.

Plass til fleire

Butikkeigar Sagen Jensen er nøgd med å ha fått på plass både frisør og kiropraktor i etasjen over. Ho har ikkje nokre spesielle ønske med tanke på fleire nye leigetakarar, men ho ser helst at det kjem nokon i same kategori.

- Eg hadde ikkje sett føre meg at det skulle bli eit dyresenter i andreetasje. Då frisøren tok kontakt med meg fekk vi bygd rom til henne. Så kom førespurnaden frå Cathrine, og då rydda vi ut eskene som var lagra på det rommet. Eigentleg er det ikkje heilt ferdigstilt i etasjen over, men vi jobbar med saka, seier Sagen Jensen.