I terrenget: Det kom melding om brann i terrenget og omfanget var uklart.

Eit område på tre mål har brunne

Melde om brann i trafokiosk i Øvre Hålandsdalen.

Torsdag morgon like før kl 06 kom det melding om ein brann i ein trafo og i terrenget rundt i Øvre Hålandsdalen.

Brannvesenet kom til staden kring like over kl 06. Det var då kome melding om brann i terrenget og omfanget var uklart. Kl 06.45 melde dei at området var dynka i vatn og at brannen var sløkt.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dei opplyser at det skal vera snakk om eit område på tre mål som har brunne.

Det skal ikkje ha vore fare for spreiing til bustader.