Bråk: I tillegg til hoggorm, er også lette motorsyklar utan DB-killer eit sikkert vårteikn.

Eit sikkert vårteikn: Motorsyklistar fekk bruksforbod på grunn av støy

Statens vegvesen sjekka 116 køyretøy i torsdagens kontroll.

112 tunge køyretøy og fire lette motorsyklar var innom kontrollplassen på Svegatjørn torsdag.

Tre lette motorsyklar fekk bruksforbod grunna for mykje støy. Nokre tekniske manglar var det også. To galdt eksosanlegget, ein spegelen og ein galdt ein bremsehendel.

Artikkelen held fram under annonsen.

To køyretøy fekk bruksforbod grunna lastsikring, eit anna grunna overlast. Eit anna fekk teknisk mangel grunna feil farge på markeringslys, eit anna for ikkje godkjent ratt.

Brot på reglane for køyre- og kviletid er ein annan gjengangar i kontrollane. Av fem førarar som vart sjekka, fekk tre av dei til saman seks åtvaringar.

Ein førar vart også meld for brot på køyre- og kviletidsreglane.

Tre firma vil også bli sendt til føretakskontroll for utvida kontroll.

For ein førar svei det også på pungen. Lastebilsjåføren med overlast, fekk eit gebyr på 6.200 kroner.

— Elles var det bra stilt med dei andre som vart kontrollert i dag, opplyser Terje Bødtker i vegvesenet.