Campingvogna i full fyr tidlegare i ettermiddag. (Begge
Campingvogna i full fyr tidlegare i ettermiddag. (Begge

- Eit verst tenkeleg mareritt

Det har vore ein tøff dag på jobben for Rolf Harald Opsal etter at det byrja å brenna på Fusa Camping. - Eg er glad det gjekk så godt som det gjorde, seier campingeigaren.

Det varlike før klokka 15 i ettermiddag at Fusa Brann og redning fekk melding om ei campingvogn som stod i full fyr på Fusa Camping på Venjaneset. Eigar Rolf Harald Opsal frykta ei stund det verste, men til alt hell kom ingen personar til skade.

Campingvogn og spikartelt er heilt nedbrende. I tillegg er det skader på fire omkringliggande campingvogner. Mellom anna har nokre av vindauga smelta.

Artikkelen held fram under annonsen.

Årsaka til brannen er enno ikkje kjend, men vil verta rutinemessig etterforska av politiet.

Fare for spreiing

Det var ei stund fare for at brannen skulle spreia seg vidare til andre campingvogner, men rask innsats frå brannvesen og eit lokalt brannlag frå Frank Mohn Fusa, sette ein stoppar for dette.

At det var vindstille, medverka også. Det same gjorde ein levegg ved sidan av den brennande campingvogna, i fylgje Opsal.

Både campingvogn og spikartelt vart totalskadde i brannen.
Både campingvogn og spikartelt vart totalskadde i brannen.

- Fleire "fastbuande" gjester har sett opp partytelt med ein levegg. Noko som er med på å gjera campingplassen meir brannsikker fordi den hindrar brannen i å nå vogna ved sida av. I dag såg vi kva effekt ein slik levegg har i praksis, seier han letta.

Mareritt

I løpet av ettermiddagen har Opsal vore travelt oppteken med å varsla både eigaren av den brennande vogna og eigarane av dei omkringliggande vognene.

- Korleis har dagen vore for deg?

- Det er jo det verst tenkjelege marerittet når noko slikt skjer. Det er forferdeleg trist, men mest av alt godt at det gjekk så bra som det gjorde.

Opsal fortel at han legg stor vekt på branntryggleiken ved Fusa camping. Årleg vert det gjennomført to kontrollar ved anlegget. Ein av brannvesen og ein internkontroll.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Kva skjer med campingplassen no, må de stenga?

- Nei, heldigvis ikkje. Skadene er nokså avgrensa, så vi er opne som vanleg.

Brannrunder

Då Os & Fusaposten snakka med Opsal i 18.40-tida, hadde brannvesenet gjort seg ferdige og reist frå plassen.

- Alt skal vera sløkt og trygt no. Men eg vil nok likevel ta meg nokre runder utover kvelden for å sjå etter at det ikkje blussar opp att, seier Opsal.