Mann i 40-åra: Ein mann i 40-åra fekk påvist covid-19 i Bjørnafjorden kommune tysdag. Foto: Kenneth Svenningsen

Eitt nytt tilfelle av covid-19

Det opplyser kommunen onsdag.

Ein mann i 40-åra fekk påvist covid-19 i Bjørnafjorden kommune tysdag. Det skriv kommunen på sine heimesider.

– Mannen er smitta av nærkontakt med tidlegare påvist covid-19, og har vore i karantene. Han har difor ikkje nye nærkontaktar, opplyser kommunen.