Testa på nytt: Alle nærkontaktar som har vore i karantene i samband med utbrotet i Flåten naturbarnehage, blei testa på nytt måndag.

Eitt nytt tilfelle av covid-19 - i morgon kan barnehagen opna att

Eit barn i Flåten naturbarnehage fekk påvist covid-19 tysdag.

Det opplyser kommunen onsdag føremiddag.

Totalt 21 personar har no testa positivt i samband med utbrotet i barnehagen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Alle nærkontaktar som har vore i karantene i samband med utbrotet, blei testa på nytt måndag. Eitt barn testa positivt, skriv kommunen på sine heimesider.

– Flåten naturbarnehage kan opna igjen i torsdag. Dei som kan venda tilbake til barnehagen har då vore i karantene i 10 dagar, testa negativt to gonger og ikkje hatt symptom på covid-19. Vi følgjer Folkehelseinstituttet sine retningslinjer som tilseier at det no er smittevernfagleg trygt å opna barnehagen igjen, seier assisterande kommuneoverlege, Jonas Nordvik Dale til nettstaden.

– Eg vil samstundes skryta av alle dei flinke og tolmodige barna og vaksne knytt til Flåten naturbarnehage, som har takla denne utfordrande situasjonen på ein veldig god måte, legg Nordvik Dale til.